Jeløy
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Jeløy | |
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Ytre Oslofjord |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Areal | 19,0 km² |
| Høgaste punkt | Bjørnåsen (138 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | |
| Fylke | Østfold |
| Største busetnad | Moss |
Jeløy er ei øy i Moss kommune i Østfold. Byen Moss ligg delvis på sørenden av denen øya. Ho er òg ein tidlegare kommune og vart innlemma i Moss kommune 1. juli 1943. Jeløy hadde ved samanslåinga 4 243 innbyggjarar.
Jeløy hadde frå 1837 administrativt nemninga Moss landsokn. Ein del av soknet med 340 innbyggjarar vart allereie i 1840 overført til Moss.
1. januar 1876 vart ein ny del med 631 bebuarar overført frå Jeløy (Moss landdistrikt) til Moss. 1. juli 1925 hende den siste grensereguleringa før samanslåinga, då ein del med 30 innbyggjarar vart overført til Moss.