Nasebløding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Naseblødning)
Gå til: navigering, søk

Nasebløding, medisinsk kalla epistaksis, er bløding frå tynne blodårer i slimhinna i nasen. Å blø naseblod er vanlegvis heilt ufarleg, og tilstanden går vanlegvis raskt over av seg sjølv.

Det kan vera mange grunnar til at ein blør naseblod. Ei vanleg årsak er slag eller støyt på nasen, eller brot på nasebeinet. Men naseblødingar kan òg koma av trykkendringar, stress, allergi, tørr luft og mange andre små eller store påkjenningar. Nokre personar får lettare nasebløding enn andre, og gjerne utan at ein kan sjå ei klår årsak til blødinga.

Naseblødingar treng normalt ikkje behandlast, men går over av seg sjølve når blodet levrar seg. Nokre velkjende råd er å leggja press på nasen med fingrane og å leggja hovudet bakover eller framover.

Dersom ein blør svært mykje, kan det vera hol i ein arterie bak i nasen. Då må ein kontakta ein lækjar. Om blødinga ikkje vil gje seg i løpet av nokre minutt, eller om ein blør naseblod svært ofte, bør ein òg gå til lækjaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]