Hopp til innhald

Nordfjord sorenskriveri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Nordfjord

Nordfjord sorenskriveri omfatta nordre delen av Sogn og Fjordane fylke. Det vart etablert i 1592. Den 01.01.2002 skifta sorenskriveriet namn til Nordfjord Tingrett. Vart så lagt ned 01.01.2005 då Nordfjord vart innlemma i Fjordane Tingrett.

Sorenskrivaren i Nordfjord skal ha vore busett på Apalset i Gloppen fram til ca. 1700. Etter den tid har han for det meste halde til på Eid.

Arkivet etter Nordfjord Sorenskriveri er avlevert til Statsarkivet i Bergen. Det eldste materialet i sorenskrivar-arkivet går tilbake til 1641.

Sorenskrivarar

[endre | endre wikiteksten]
  • Morten Torbensen - 1592, 1595
  • Torgels Jensen - 1606, 1608
  • Mauritz Jensen - 1612-1632
  • Jens Madsen - 1639
  • Iver Anchers - 1640-1653
  • Søren Christensen Wittrup - 1653-1669
  • Baltzer Sørensen - 1669-1682
  • Peder Kaatte - 1682-1689
  • Jacob Henrichsen - 1689-1700
  • Peder Clausen Paust - 1700-1710
  • Povel Schonevig - 1711-
  • Lars Stub - 1741-
  • Johan Daniel Stub - 1762-1802
  • Nils Nilsen Vogt - 1803-1809
  • Jørgen Herman Vogt - 1809-1813
  • Gudbrand Aamot - 1813-1824
  • Niels Raanæs Schioldager - 1824-1845
  • Wilhelm Huitfeldt - 1845-1860
  • Peter Severin Jacob Daae - 1860-1871
  • Ole Jørgensen Richter - 1872-1876
  • Hans Ramshardt Koefoed - 1877-1896
  • Christen Faye von Krogh - 1896-1902
  • Ivar Valdemar Brøgger - 1902-1909
  • Ivar Andreas Nordang - 1909-1918
  • Anton Peter Sparre - 1918-1926
  • Johannes Stenersen - 1926-1936
  • Søren Caspersen - 1936-1946
  • Lars Anton Danielsen - 1947-1952
  • Wilhelm Wahr Faret - 1952-1977
  • Rolf Utengen - 1977-1982
  • Einar Tofte - 1982-1986
  • Gunnar Steintveit - 1987-2004