Oppdrag Nemo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Oppdrag Nemo på norsk, er ein dataanimert film produsert av Pixar Animation Studios i samarbeid med Walt Disney Pictures frå 2003. Filmen er skriven og regissert av Andrew Stanton. Filmmusikken er komponert av Thomas Newman. Den fekk i 2004 Oscar for beste animasjonsfilm, og har til saman vunne 32 prisar.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Filmen har ei enkel historie, der den vesle klovnefisken «Nemo» har ein svært overbeskyttande åleinepappa, «Marlin». «Nemo» vert fanga av ein tannlege og hobbydykkar i Sydney og «Marlin» må trasse alle sine nevroser for å redde sonen sin. Med seg på turen har han med seg palettkirurgifisken «Dory», som har ekstremt dårleg korttidsminne.

Marinbiologar har heidra filmen for si virkelegtru framstilling av fisk spesielt og det marine miljøet generelt.

Heimemedium[endre | endre wikiteksten]

Oppdrag Nemo blie utgjeven på DVD og VHS den 4. november 2003. Filmen blei ogso utgjeven på DVD i "Gold Edition", som kom med ein Nemo-kosedyr karakter. Den 4. desember 2012 kom filmen ut på Blu-ray og Blu-ray 3D, med båe 3-disc- og 5-disc-set.

Oppfylgjar[endre | endre wikiteksten]

I april 2013, kunngjorde Disney oppfylgjaren, Oppdrag Dory, som skal kome ut i 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]