Transkripsjonsplate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Transskripsjonsplate)
Den nederlandske statsministministeren Willem Drees inspiserer ei transkripsjonsplate i samband med at han vitja NRU i 1953.

Transkripsjonsplate var ei grammofonplate til bruk for radiostasjonar, og var ikkje i sal til allmugen. Desse platene var laga av materiale med mindre rillestøy enn dei shellak-baserte 78-platene, hadde diameter på 40 cm og ei rotasjonshastigheit på 33 1/3 o/min. (På eit tidleg stadium vart det rett nok produsert nokre plater med ein diameter på 25 cm, som roterte med 78 o/min, som ikkje var baserte på shellak.) Transkripsjonsplater vart mellom anna nytta for å spela inn radioprogram, som ikkje vart direktesendt. Slike program kunne vera konsertar, kunngjeringar frå myndigheitene, talar, osb. Andre bruksområde var feltopptak, opptak av viktige møte, osb. Etter at spolebandopptakarar vart tilgjengelege etter 2. verdskrigen tok desse gradvis over for transkripsjonsplatene. Men spolebandopptakarar og tape var dyrt i byrjinga og transkripsjonsplatene var i bruk til utpå 1950-talet.

Bruk og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Transkripsjonsplate i eit Royal Air Force Radio-studio under 2. verdskrig.

Dei fyrste platene med diameter 40 cm og rotasjonshastigheit 33 1/3 o/min vart nytta for lydfilm, og vart innførte av Western Electric/Bell Labs i 1926 [1]. I 1927 vart det produsert plater med ein diameter på 25 cm plater og rotasjonshastigheit 33 1/3 o/min for bruk innan kringkasting[2]. I fylgje Arcane radio trivia[3] var det RCA som, i 1929, innførte transkripsjonsplater med ein diameter på 40 cm og rotasjonshastigheit 33 1/3 o/min for meir generell bruk. I perioden 1931 til 1933 freista RCA å marknadsføra plater med diameter 40 cm, ei rotasjonshastighet på 33 1/3 o/min og ei speletid på omlag 15 min til almugen[2][4], men så godt som ingen potensielle kundar hadde spelarar som kunne spela dei. Dette vart difor ein kommersielle fiasko og platene endte opp som eit reint profesjonelt format.

Riller[endre | endre wikiteksten]

Rillene på desse platene hadde mindre dimensjonar enn på 78-plateene, men større enn på mikrorilleplatene. Men dei vart spela med pickupar laga for 78-plater. Transkripsjonsplatene hadde mindre rillestøy enn shellakk-baserte 78-plater. Til skilnad frå plater seld til allmugen vart nokre transkripsjonsplater spela innanfrå og utover[5]. Tidlege varsjonar nytta nytta vertikal modulasjon[4], medan sandre nytta lateral modulasjon[4].

Dimensjonar og speletid[endre | endre wikiteksten]

Platene hadde ein diameter på 40 cm og roterte med 33 1/3 o/min og speletida var omlag 15 min, som var tre gongar så lang speletid som ei 78-plate. Platene kunne berre spelast på spesiallaga spelarar, som hadde lang nok arm og plater med vertikal modulasjon må spelast med ein pickup laga for dette.

Materialar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste transkripsjonsplatene var laga som eit laminat av eit stabilt basismateriale, pålagt eit laminat av eit mjukare materiale[6]. Aluminium var eit ofte nytta basismateriale før 2. verdskrigen, men under krigen var det underskot på aluminium og ein tok til å nytta stål og glas. Metall var stabilt, men om det var bøygd var det vanskeleg å retta ut att. Glas vart ikkje bøygd, men måtte handsamast forsiktig[6]. Kartongliknande fibermateriale vart òg nytta, men laminatet kunne losna om platene vart bøygde, eller om dei vart utsette for fuktigheit, slik at dei ekspanderte[6].

Materialane i laminatet varierte òg mykje. Typiske materialar var voks, nitrocellolose, cellulose acetate (same materialet som i film) og ethylcellulose. Fleire av desse var brannfarlege, og det hende at sponen frå graveringa tok fyr. Materialane i laminatet var omtålege og platene vart snøgt utslitne. Men det var ikkje så farleg, for dei vart spela berre ein eller nokre få gongar og vart som oftast ikkje tekne vare på etter at dei var kringkasta, eller graverte på 78-plater, men nokre er tekne vare på av tilsette ved ulike radiostasjonar. Ein tok etter kvart til å nytta vinyl[5].

I tida før 2. verdskrigen vart det i noko grad nytta plater av aluminium, utan laminat, men kvaliteten var ikkje god[7]. Dei var svært ømtålige og vart spela med stiftar laga av fiber.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «1926 Western Electric/Bell Labs Vitaphone Film Sound». mixonline.com. 1. september 2006. 
  2. 2,0 2,1 Huffman, L. «Victor Program Transcription Records - 33 1/3 RPM long playing recordings». Arkivert frå originalen 19. april 2017. Henta 24. juli 2019. 
  3. «The Transcription Disc». Arcane radio trivia. 17. mai 2006. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Auld, Robert. «Disc transcription or what to do with 78's, 16 inch discs and othe vintage oddities». Auldworks. Henta 24. juli 2019. 
  5. 5,0 5,1 Beaupre, Walter J. «Music electrically transcribed!». otrsite.com. Henta 11. april 2024. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Electric transcription discs». The Audio Archive. Henta 24. juli 2019. 
  7. «Phonograph Record». Preservation Self-Assessment Program (PSAP). Henta 24. juli 2019.