Knut Gjengedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Gjengedal
Knut Gjengedal.jpg
Fødd 17. oktober 1900
Gloppen
Død

14. februar 1973

Yrke skribent, barnebokforfattar
Knut Gjengedal på Commons

Knut Gjengedal (17. oktober 190014. februar 1973) var ein norsk lærar og forfattar frå Hyen.

Han debuterte i 1928 med Guten fraa einsemda, og skreiv i alt 13 bøker, alle på nynorsk, og av desse seks barnebøker. Skildringane frå bøkene hans er henta frå natur og nærområde i Gjengedalen i Hyen der han budde det meste av livet sitt. I 1937 vann han Melsom-prisen. Han fekk Kyrkje- og undervisningsdepartementet si premiering for den første barneboka, Kronekongen og andre soger (1948), og igjen for Bortanfor Blåbreen (1951). Barneboka Glomfolket (1954) vart sett på som eit debattinnlegg i kampen mot sentralisering.

Ei minnestøtte over han vart reist i 1991 ved skulen i austre Hyen der han hadde verket sitt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

  • 1956 – Då bestefar lauga seg (Oslo: Norsk barneblad) I fulltekst ved nb.no  [I: Skjemt og alvor : ymist or Juletre. Fyrste samling.]
  • 1965 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [I: Nynorsk novellekunst : ein antologi. Side 137-146]
  • 1969 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Samlaget) I fulltekst ved nb.no  [I: Nynorske noveller : ein antologi. Side 178-186]
  • 1971 – Ein tjuv og ein tiggar og ein flokk rettferdige (Oslo: Aschehoug) I fulltekst ved nb.no  [I: Aschehougs litteraturutvalg for aldersgruppen 13-17. Bind 2. Side 38-45]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]