Hyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hyen
stad
Hyen I.jpg
Hyen sentrum
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Gloppen
Postnummer 6829 HYEN
Preposisjon i Hyen
Wikimedia Commons: Hyen

Hyen er ei bygd som ligg i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane fylke. Innbyggjartalet er ca. 600. Hyen sentrum ligg inst i Hyefjorden, ein sidearm til Nordjord. Busetnaden er i hovudsak spreidd på desse dalføra: Austredalen, Vestredalen og Hyen sentrum. Bygda har vegsamband til kommunesenteret Sandane i aust, til Florø i vest og til Førde i sør.

Hovudnæringa i Hyen er jordbruk, men det vert òg drive med fiskeoppdrett og industri. Den største bedrifta er Brødrene Aa. Dette selskapet utviklar og produserer produkt i armert plast. Subsea vernedeksel, togfrontar og snøggbåtar er typiske produkt som vert levert av Brødrene Aa. Selskapet har røter tilbake til 1947.