James Thomson (1700-1748)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre personar med namnet James Thomson, sjå James Thomson.
James Thomson

Statsborgarskap Kongeriket Storbritannia
Fødd 11. september 1700
Ednam
Død

27. august 1748 (47 år)
Richmond upon Thames

Yrke skribent, lyrikar
James Thomson (1700-1748) på Commons

James Thomson (11. september 170027. august 1748) var ein skotsk diktar som særleg er kjend for diktsamlinga The Seasons og verket The Castle of Indolence. James Thomson var skreiv òg teksten til songen «Rule, Britannia!».

James Thomson vart fødd i Ednam i Roxburgshire og fekk utdanninga si ved Universitetet i Edinburgh. Medan han studerte der fekk han nokre av dikta sine utgjevne. Desse dikta handla hovudsakleg om Jed Valley, dalen der han voks opp. Planane for han var ein karriere i kyrkja, men han gav opp teologien fordi preikene hans vart kritiserte for å vera for blomstrande.

I 1725 reiste han til London der han møtte andre forfattarar, inkludert skotten David Mallet. Han oppnådde snøgt suksess og vart vel ansett av kronprins Frederick, som han støtta politisk. Thomson gav ut dei samla dikta sine under namnet The Seasons i 1730 med dedisering til George Lyttelton, og han vart privatlærar for sonen åt Sir Charles Talbot, daverande Solicitor-General i Storbritannia. Lyttelton ordna det så han vart konfliktrådssekretær, og det neste store verket hans, Liberty (1734) var tileigna den Tory-sympatiserande prinsen av Wales. Han skreiv òg fleire skodespel, inkludert The Tragedy of Sophonisba (1734), og samarbeidde med Mallet om maskespelet Alfred, som mellom anna inneheld songen «Rule, Britannia!» og som vart uroppført med musikk av Thomas Augustine Arne ved Cliveden, landstaden åt prinsen og prinsessa av Wales. Etter at Talbot døydde, fall Thomson or nåde med kronprinsen, og karrieren hans enda med The Castle of Indolence, det mest kjende verket hans, som vart utgjeve rett føre James Thompson døydde i 1748.

Ein rettstvist kring utgjevingsrettane til eitt av verka åt Thomson, The Seasons, førte til to viktige rettsavgjersler (Millar v. Taylor; Donaldson v. Beckett) i kopirettshistoria.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]