Ásgeir Ásgeirsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ásgeir Ásgeirsson (13. mai 189415. september 1972) var den andre presidentenIsland, frå 1952 til 1968.

Han hadde teologisk utdanning og tok ein førsteklasses eksamen frå Háskóli Íslands (Universitetet på Island) i Reykjavík i 1915, men vart sett på som for ung til å verta prestevigsla. I 1923 vart han innvald i Alltinget for partiet Framsóknarflokkurinn (det islandske Senterpartiet). Han var president i Alltinget då det feira 1000-årsminnet sitt på Þingvellir i 1930. Ásgeir Ásgeirsson vart finansminister i 1931 og statsminister i 1932. Han gjekk ut av Framsóknarflokkurinn i 1934, men vart vald til Alltinget som uavhengig kandidat inntil han gjekk inn i det sosialdemokratiske partiet på Island. I Alltinget sat han til 1952, då han vart vald til den andre presidenten på Island. Han vart attvald utan motkandidat i 1956, 1960, og 1964.