Teologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Teologi (frå gresk theos, 'gud' og logos 'ord, lære') er læra om Gud og andre religiøse omgrep. I vestleg samanheng bruker ein i dag omgrepet om ein akademisk fagdisiplin som driv rasjonelle, systematiske og vitskapelege studium av ein særskild religion. Det kan òg visa til studium av læra til ein særskild religion sett innanfrå. Religionsvitskap er ein vitskap i nær slekt med teologi i tydinga «lære om trua på Gud». Slik brukar òg moderne teologi ordet.

Det finst i hovudsak to måtar å tenkje om Gud på: som i hovudsak transcendent eller utanfor verda (vestlege monoteistiske religionstypar som jødedom, kristendom og islam) eller immanent eller ibudande i verda (austlege polytetiske religionstypar som hinduisme og folkeleg buddhisme). Dette skapar òg to ulike typar teologiar som ofte er vanskeleg å sameine.

Ein som har vitskapleg utdanning innan teologi vert kalla teolog (i Noreg vert ein cand. theol.)

Kristendom[endre | endre wikiteksten]

Kristen teologi har røter i jødisk tradisjon og dei greske akademia. Han voks fram i mellomalderen saman med dei første europeiske universiteta.

Jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Islam[endre | endre wikiteksten]

Bahaiteologi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]