Vigdís Finnbogadóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Vigdís Finnbogadóttir (fødd 15. april 1930) var den fjerde islandske presidenten og hadde embetet frå 1980 til 1996. Ho var den første demokratisk valde kvinnelege presidenten i verda.

Vigdís Finnbogadóttir studerte litteratur og drama ved universitetet i Grenoble, ved Sorbonne i Paris og ved Háskóli Íslands (Universitetet på Island). Ho studerte engelsk og fransk litteratur (med hovudvekt på den dramatiske litteraturen til desse to språka).

Ho var kunstnarleg leiar av teatret i Reykjavík (Leikfélag Reykjavíkur) frå 1972 til 1980. Frå 1976 til 1980 var ho medlem av den rådgjevande kulturkomitéen til Nordisk Råd, og leiar frå 1978 til 1980. I 1982 vart ho tildelt storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Ved presidentvalet i 1980 vart Vigdís Finnbogadóttir den første kvinna i verda som vart vald til statsoverhovud i eit demokratisk val. Ho vart attvald utan motkandidat i 1984 og 1992, og vann over motkandidaten med overveldande fleirtal ved presidentvalet i 1988.

Vigdís Fínnbogadóttir er «goodwillambassadør» for UNESCO, med spesielt ansvar for å fremje språkleg mangfald, kvinnenes rettar og rett til utdanning.