Áthos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Áthos
halvøy
Land  Hellas
Kart
Áthos
40°9′30″ N 24°19′38″ E
Wikimedia Commons: Mount Athos
Áthoshalvøya sett frå fjellet Áthos

Áthos (gresk Άθως), ofte kalla Ájon Óros (gresk Άγιον Όρος), «det heilage fjellet»), Ayion Oros eller Agion Oros, er eit fjell og ei halvøy i Khalkidikí nord i Hellas. I antikken vart halvøya kalla Ακτή (Acte eller Akte). Politisk er ho kjent i Hellas som den autonome klosterstaten til det heilage fjellet. Staden er oppført på lista over verdsarv og er heim til 20 ortodokse kloster som utgjer ein autonom teokratisk stat innanfor republikken Hellas. Andeleg ligg Áthos direkte under lovgjevinga til det økumenske patriarkatet Konstantinopel.

Halvøya er den austlegaste «fingeren» på den større Khalkidikíhalvøya. Áthos strekkjer seg 60 km ut i Egearhavet med ei breidd på mellom sju og tolv kilometer og dekkjer eit område på rundt 390 km². Fjellet Áthos og dei bratte sidene med tett skog reiser seg til 2 033 moh. Farvatnet rundt enden av halvøya kan vere farleg.

Sjølv om halvøya er forbunde med fastlandet kan ein berre nå ho med båt. Talet på vitjande er avgrensa og ein må ha spesielt løyve før ein kjem til Áthos. Berre menn slepp inn i området og ortodokse kristne vert prioritert i tillatingsprosedyrane. Det er religiøse vakter som ikkje er munkar som assisterer munkane. Alle andre som ikkje er munker er påkravde å leve i hovudstaden på halvøya, Karyés. Folketalet i 2011 var 1 811innbyggjarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Áthos