Åbro Bryggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Åbro Original Extra Stark 7.3% er eit øl som blir brygga på Åbro Bryggeri.

Åbro Bryggeri er eit gammalt svensk bryggeri med anar frå 1856, med sete i Vimmerby. Omsettinga i 2010 var 738 millionar kroner (ekskl. drykkeskattar).[1]

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Då løyntant Per W. Luthander grunnla det første bayerske bryggeriet i Vimmerby, tilsette han samstundes den første bryggmeisteren Johan Dürst, som opphavleg kom frå Tyskland. Dürst var berre eitt år i Vimmerby før han flytta tilbake til Stockholm. I 1857 vart Dürst etterfølgd av bryggaren Anders Andersson, som var verksam ved bryggeriet i ein tiårsperiode fram til 1866.

Luthander sjølv flytta i 1885 saman med hustrua si og dei to små sønene deira frå Näshult, Vetlanda til Vimmerby. Familien busette seg ved Storgatan i det Hammarskjöldska huset og leigde året etter garden Gustafsborg, som låg utom Staden ved Åbro. Samstundes kjøpte han bygningen nede ved åa der Bomans färgeri hadde vore husa. Per W Luthander må ha oppdaga – anten før han flytta til Vimmerby eller like etter at han kom dit – at det fanst gode føresetnader for å starte eit bryggeri ved Åbro. Ein passande bygning låg ved ei kjelde der ein kunne hente reint vatn, som er ein viktig føresetnad for å brygge eit godt øl.

Axel Herman Johansson kom frå Kalmar til Åbro Bryggeri 1889 innleidde det samstundes ein periode som gjer Åbro til det eldste familieeigde bryggeriet i Sverige. Han var på denne tida tilsett av Oskarshamns Bryggeri, men arbeidde som bryggmeister på Åbro Bryggeri, då som var leigd av bryggeriet i Oskarshamn. I 1898, knapt ti år seinare, tok han over Åbro bryggeri og gardane rundt.

Axel Herman Johansson lykkast økonomisk vel i sin første tiårsperiode i Vimmerby. Men trass i at han formelt stod som eigar av Åbro Bryggeri heldt han fram i stillinga ved Oskarshamns Bryggeri. Axel Herman Johansson var altså tilsett og lønna som plassjef på det bryggeriet han sjølv eigde. Dette varte til 1906 då han sjølv tok over heile driftsansvaret. På midten av 1890-talet kjøpte han Gustafsborg og endra namnet til "Åbro".

Dagens bryggeri[endre | endre wikiteksten]

Åbro er eit av dei minste av Sveriges store bryggeri med ein femteplass på Systembolagets liste. Produksjonsvolumet deira er på om lag 56 millionar liter og ein marknadsdel på 6% totalt (10 % av ølssalet), 260 tilsette derav 170 i Vimmerby (2004). Bryggmeister frå 1965 til 2005 var Albert Wiesgickl. Noverande bryggmeister er Lennart Anemyr.

Sidan slutten av 1990-talet blir brussortimentet marknadsført under namnet Läskfabriken i Vimmerby og rettar seg mot ei yngre kjøpargruppe. Likevel finst berre produkta på einliters PET-flasker etter 2007. Brus på glasflaske vart seinare lansert under namnet Alla tiders der etikettane har eit nostalgisk uttrykk.

Mineralvatnsortimentet går frå midten av 1990-talet under namnet Hwila Vatten.

Ein tilverkar undergjæra øl, hovudsakleg lager. Det største produktet er Åbro original som blir tilverka i alle styrkar mellom 2,25% til 7,3% alkohol. Det finst òg ein premium-serie kalla Bryggmästarens (tidlegare kalla Wiesgickl etter bryggmeister Albert Wiesgickl) med fleire øltypar (både klass II og III).

Åbro har òg ein stor marknadsdel på cider, då med varemerket Rekorderlig Cider. Ein tilverkar òg ein klassisk julmust.

Bryggeriet arrangerer rundvandringar for besøksgrupper. På området finst òg ei kro i form av ein engelsk pub og tysk bierstube som er opne for alle.

Åbro har vore ein av AIKs hovudsponsorar gjennom mange år,[2] mykje på grunn av at Åbros VD Henrik Dunge er stor supporter av klubben, noko som òg går fram gjennom engasjementet hans i Agent 03.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Allabolag». Henta 23. september 2011. 
  2. Åbro.se – Våra samarbetspartners

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]