Åbygda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åbygda
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bindal
Postnummer 7980 TERRÅK
Innbyggjarnamn Åbygding
Kart
Åbygda
65°02′56″N 12°30′18″E / 65.049°N 12.505°E / 65.049; 12.505

Åbygda er ei bygd i Bindal kommune lengst sør i Nordland fylke, på grensa til Nord-Trøndelag fylke. Bygda ligg om lag 14 km i frå kommunesenteret Terråk og har om lag 100 innbyggjarar.

Hovudnæringane er jordbruk og skogbruk. Turisme, som fiske i Åelva, som er ein del av Åbjøravassdraget (renn ifrå Åbjørvatnet), i tillegg til utleige av små- og storviltjaktløyve gir mange bønder gode ekstrainntekter. Sportsfisket i elva har føregått sidan 1890-talet, då britiske turistar ferierte i bygda. Dei britiske turistane sette ein del spor etter seg i bygda i form av bygningar og dylikt.

Skipinga av idrettslaget i 1929 kom som eit resultat av ein engelsk turist si store sportsinteresse. Han arrangerte idrettsstemne i bygda om sommaren, og lokka med pengepremiar der førstepremien kunne vere det dobbelte eller meir av ei vanleg dagsløn. Premiane betalte han av eiga lomme.

Åbygda er kjend for lange båtbyggjartradisjonar med hovudvekt på bindalsfæringen tilbake til vikingtida. Den islandske sagaforfattaren Snorre Sturlasson skal visstnok ha fått låne ein båt, som ein storbonde på garden Skarstad i Åbygda var deleigar i, av Hertug Skule under det siste av dei to opphalda sine i Noreg i 1239.

Åbygda er ikkje minst kjend som fødestaden til polfararen Otto Sverdrup. Han vart fødd på Horstad gård (gardsnamn) i 1854. Det står ei byste av han utanfor Bindal rådhus på Terråk.

Bygda hadde i si tid både butikk og postkontor med postnummer 8942. Butikken vart lagt ned på 1960 talet etter ein større brann. Åbygda har sidan 1895 hatt eiga skule, som de siste årene har vore ei såkalla friskule. Det vart bestemt å leggje ned skulen i frå hausten 2008 etter 113 års drift grunna sterk svikt i talet på elevar. I 1955 stod gravplassen klar til bruk. Fram til då hadde ein gravlagt alle på gravplassen ved Vassås kyrkje.

Fylkesveg 7200 startar på Terråk og går via Helstad til Fuglstad i Åbygda. Vegen fekk i 2001 fast vegdekke (asfalt) heilt opp til Fuglstad.

Kjende åbygdingar[endre | endre wikiteksten]

Andre kjende[endre | endre wikiteksten]

  • Edward A. Wilson (1872-1912), engelsk botanikar, lege og polfarar som av helsemessige årsaker oppheldt seg nokre somrar på Horstad gård (1898-1901).
  • Fred. Olsen (f. 1929), skipsreiar, finansmann og noverande eigar av Horstad gård.

Lag og foreiningar:[endre | endre wikiteksten]

  • Åbygda ungdomslag (Å.U.L.) skipa 26. februar 1905
  • Åbygda idrettslag (Å.I.L:) skipa 1929
  • Åbygda bondelag
  • Åa Bygdeservice BA Skipa 20. april 2004
  • Åelva elveierlag (Elveigarlag)
  • Koriåa, songkor skipa 1987/88