Ågot Gammersvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ågot Gammersvik
Fødd 30. mars 1949
Drammen

Ågot Gammersvik (fødd 30. mars 1949 i Drammen) er ein norsk etnolog og museumsarbeidar. Ho sit frå 2008 i Strategisk råd for reiseliv.

Gammersvik er utdanna som etnolog ved universiteta i Bergen og Oslo. Ho har arbeidd på oppdrag frå Nordfjord folkemuseum og fleire fylkeskonservatorar. I 1985 gjekk ho inn i museumsbransjen som direktør og konservator for Hardanger folkemuseum. Ho var i perioden 2001–02 direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, og er frå 2002 direktør ved museet Maihaugen på Lillehammer.

Gammersvik har vore oppteken av å dokumentere samtida og rolla musea har i reiseliv, og ho har delteke i prosjekt som «På sporet av den tapte samtid» og «Dokument 2000». Ho har jobba ofte med strategisk museumsutvikling, mellom anna i samarbeidet mellom Maihaugen og Norsk Folkemuseum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]