Allkunne
Allkunne er eit nynorsk nettleksikon, drive av Allkunne AS. Oppslagsverket vart offisielt opna 20. oktober 2009, med eit omfang på rundt 850 artiklar.[1] I 2019 er Per Magnus Finnanger Sandsmark ansvarleg redaktør og Stina Aasen Lødemel redaktør og leiar av redaksjonen, og Allkunne har eit omfang på 25000 artiklar[2].
Kort historikk[endre | endre wikiteksten]
Den første hovudredaktøren for Allkunne var Ottar Grepstad, og Eirik Helleve var dagleg leiar fram til 2010, då Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart tilsett som ny dagleg leiar.[3]
Frå og med oktober 2011 har Allkunne også inkludert tekstar tidlegare publisert i Caplex[4]. Frå og med februar 2015 har Allkunne også inkludert artiklane i det tidlegare Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som vart skrive av NRK Sogn og Fjordane (ved Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen)[5].
Leksikonet nyttar ei digital plattform utvikla for Store Norske Leksikon. Verksemda har kontor på Ivar Aasen-tunet i Ørsta.
Allkunne AS[endre | endre wikiteksten]
Allkunne AS er eit aksjeselskap som har som oppgåve å drive oppslagsverket Allkunne.
Selskapet er skipa av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, med Arild Thorbjørnsen som styreleiar.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ I følgje Tove Lie, direktør i Samlaget, i NPK-melding referert i Dag og Tid 23.10.2009.
- ↑ Om Allkunne.
- ↑ Aasentunet
- ↑ Allkunne og Caplex
- ↑ Allkunne og Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane