Ålefjærfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ålefjærfjorden er den inste delen av Kristiansandsfjorden i Kristiansand kommune. Han har innløp ved munningen av Topdalselva og strekkjer seg om lag 6 km nordover til Ålefjær. Kristiansand lufthamn eller Kjevik ligg på austsida av fjorden. I sør grenser Ålefjærfjorden til Topdalsfjorden, som går vidare sørover til Byfjorden sør for sjølve Kristiansand. På vestsida ved innløpet til Ålefjærfjorden ligg Justnesøya og nord for denne ligg Justvikbukta sør for Jærnesskogen.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.