Åmotsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°37′5″N 08°24′17″E

Åmotsdal kyrkje (1792)
Foto: Siri Johannessen (2013)

Åmotsdal er ein dal og ei bygd med om lag 75 husstandar i Seljord kommune i Telemark. Grendene Langlim, Dyrlandsdalen og Lisleherad soknar til Åmotsdal. Åmotsdal har sin egen barneskule, barnehage og ein nærbutikk. Avstand til Seljord eller Rauland med bil er omtrent ½ time.

Åmotsdal har mykje natur og aktivitetar i regi av alle laga i bygda. Eva Bull Holte`s museum og Handverkstunet på Sneie er ope kvar sommar. Her finn ein kunstutstilling, mat og lokalproduserte varer til sals. Hytteutbyggingi er på frammarsj ved Kvambekk, Angre, Bøle, Sudbø og Fossheim.

Landbruk[endre | endre wikiteksten]

Geit, sau og kyr beiter på fjellet om sommaren. Det har òg vorte tatt opp att staulsdrift i Øverbø-liane, der det vert seld prim og ost frå Nystaul. Landbruket i Åmotsdal er i stor grad prega av mindre einingar og brattlendte bruk. Ein god del av gardane har jorde ein ikkje kan nytte traktoren på, og knapt nok tohjulingen. Dette gjer drifta av gardane i mange høve tungvind. Sauenæringa er viktig i området, i tillegg til at fleire driv med mjølkeproduksjon. Mykje av den tungt drivne jorda vert nå nytta som beite.

Kulturlandskapet i Åmotsdal er verdifullt, både biologisk og historisk. Fleire av gardane som ligg oppe i dei bratte bakkane har solsvidde, lafta bygningar. I tillegg til dei gamle og forseggjorte bygningane er det steinrøyser og steingardar som vitnar om ei anna tid. Dei blomsterrike engene i Åmotsdal har i mange høve eit mangfald ein ikkje finn i vanlege slåttenger i dag. Landskapet her vanskeleggjer rasjonell drift, noko som har gjort det mogleg for ein god del artar å overleva.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]