Steinrøys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Steinrøyser kan vere utfordrande å gå i.

Ei steinrøys eller ei ur er ein oppkasta eller nedrasa dunge med stein, vanlegvis grove og kanta. Ein finn ofte ei steinrøys i ei skåning eller li i landskapet etter utrasing frå fjellsider. Skråningen er avgjort ved rasvinkleen til den materialen som fell ned. Dei minste steinane samlar seg gjerne øvst, medan dei større rullar lenger nedover. Føre eit skar vil det danna seg ein vifteforma avleiring eller taluskjegle.

Ei liknande avsetning kan òg blir danna ved frostsprengning på flatare område i fjellet, som då dannar blokkmark.

Ein type menneskeskapte steinrøyser er rydningsrøysene.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]