Åna-Sira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Åna-Sira
stad
Åna-Sira, august 2009

Foto: Mathias Hentschke

Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Flekkefjord
Postnummer 4420 ÅNA-SIRA
Kart
Åna-Sira
58°17′33″N 6°26′32″E / 58.29253611°N 6.44226667°E / 58.29253611; 6.44226667

Åna-Sira er ein tettstad i Flekkefjord og Sokndal kommunar i sør-vestre Noreg. Tettstaden ligg på grensa mellom fylka Agder og Rogaland, langs Riksveg 44.

Åna-Sira kyrkje
Foto: Jarle Vines

Åna-Sira har namnet frå fjorden Åna og elva Sira, som er ein del av Sira-Kvina-kraftutbygginga. Det meste av busetnaden ligg på Rogalandssida av fylkesgrensa, som går midt etter fjorden og elva. På austsida ligg rekepillefabrikken og hovudkontora til næringsmiddelverksemda til Finny Sirevaag.[1] og Åna-Sira kraftstasjon. På vestsida ligg mellom anna ein interkommunal skule og Åna-Sira kyrkje.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Finny Sirevaag, arkivert frå originalen 13. juli 2009, henta 28. august 2009 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Agder og Rogaland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.