Hopp til innhald

Solvorn-Ornes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solvorn-Ornes

Rutenummer1048 (Skyss)
TraséSolvorn-Ornes
RutenettTidlegare ferjesamband i Indre Sogn
Kommunale ferjer i Vestland
ForvaltarLuster kommune
TrafikkselskapLustrabaatane
Oppretta1963
Tidlegare traséÅrdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn
Kart
Solvorn–Ornes
61°17′56″N 7°16′52″E / 61.2989953°N 7.2811311°E / 61.2989953; 7.2811311

Solvorn-Ornes er eit kommunalt ferjesamband over Lustrafjorden mellom Solvorn og Ornes i Luster kommune, og er popular blant turistane som skal til og frå Urnes stavkyrkje.

Ferjesambandet vart til i 1963 som sambandet Årdalstangen-Ornes-Kroken-Solvorn, og skulle blant anna ha med seg mjølkebilen til ysteriet i Årdal. Kroken vart droppa som stoppestad i 1980-åra då bygda fekk vegløysing til Ornes. I august 1989 vart Årdalstangen òg sløyfa, og i årskiftet 1989/1990 trakk Fylkesbaatane seg ut av ruta. Sidan har sambandet gått mellom Solvorn og Ornes driven av private aktørar med kommunal støtte.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]