Årsdøgntrafikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Årsdøgnrtrafikk, forkorta ÅDT, er i prinsippet summen av talet på køyretøy som passerer eit punkt på ein vegstrekning (for begge retningar samanlagt) gjennom året, dividert på dagane i året, altså eit snittal for dagleg trafikkmengd. ÅDT vert normalt rekna ut frå trafikktellingar på ulike dagar gjennom eitt år. Tellepunkt med automatiske telleapparater reknar nøyaktig ÅDT. Teljingar kan òg gjerast på basis av mengd passeringer av bomstasjoner.

Statens vegvesen fører statistikk over ÅDT.[1]

Trafikk på kvardagar[endre | endre wikiteksten]

Verkedøgntrafikk omfattar kvardagar og vert berekna på same måte som ÅDT. ÅDT-T tyder årsdøgertrafikk, tunge køyretøy (registrert/tillaten totalvekt > 3,5 tonn). Dette er ofte ein viktig parameter fordi tunge køyretøy slit mykje på vegbanen. Slitasjen aukar radikalt med tyngda på køyretøyet.[2]

Klassifisering[endre | endre wikiteksten]

ÅDT dannar grunnlaget for klassifisering av ny veg i vegnormalsystemet til Statens vegvesen (dvs. kva for ein standard (breidd, utforming, tryggleikskrav m.v.) vegen skal ha). ÅDT vert òg brukt som eit grunnlag for å kalkulera drift- og vedlikehaldsutgiftene på vegstrekningar, og kva omleggingar, utvidingar og standardendringar ein kjem til å trenga. Etter framlegg til vegdirektoratet til nye norske vegnormalar er det til dømes sett ei ÅDT-grense som utløyser krav om 4-feltsmotorveg. Den er per 1. januar 2012 på ÅDT = 12 000.

Transportarbeid[endre | endre wikiteksten]

ÅDT gjev eit ufullstendig bilete av transportarbeidet på vegen – både fordi ein bil med éin person tel likt med til dømes ein buss med 50 eller 100 passasjerar, og fordi syklistar og fotgjengarar ikkje vert rekna med. Sykkeltrafikk og gangtrafikk vert talt nokre få stader.

Andre faktorar[endre | endre wikiteksten]

ÅDT til ein veg vert brukt – saman med del tunge køyretøy, gjennomsnittsfart, stiging/fall, topografi, delen piggdekk og delen våt/tørr vegbane til å rekne utstøyen langs vegen., m.a. ved teikning av støykart.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Trafikkdata», Statens vegvesen (på norsk bokmål), henta 25. august 2020 
  2. Trond Foss m.fl.: 2010: Utredning av vegavgift for tunge kjøretøy. Sintef Teknologi og samfunn
  3. «Du kan måle støyen / Klart du kan! - Norsk forening mot støy», www.stoyforeningen.no, henta 25. august 2020