Årsetfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Årsetfjorden er ein fjordarm av Lekafjorden i Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 14 km nordaustover til Bogen og Valastraumen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Hestvikodden i aust og Gulholmen i vest og går først sørover under namnet Råsa. Ved Draglandsodden snur fjorden nordaustover. Her går òg Gravvikvågen sørover til Gravvik. Fjorden går nordaustover på sørsida av øya Austra. Midt inn i fjorden ligg garden Årset, som har gjeve namn til fjorden, på nordvestsida av fjorden.

Heilt inst i fjorden går grensa mellom Nord-Trøndelag og Nordland. Bogen er ei grend på Austra i Nordland og her ligg Valastraumen, eit smalt sund, som går nordover til fjordarmen Valen i Kjelda.

Riksveg 771 går langs austsida av fjorden og kryssar Valastraumen før han går vidare nordover på Austra. På vestsida av fjorden ligg Fv523 Koordinatar: 65°1′49.001″N 11°50′30.797″E