Hopp til innhald

Lekafjorden

Lekafjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommunar Leka, Nærøysund
Kart
Lekafjorden
65°01′44″N 11°37′57″E / 65.02897389°N 11.63246194°E / 65.02897389; 11.63246194

Lekafjorden er ein fjord i Leka og Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 20 km nordaustover langs austsida av øya Leka.

I sør startar fjorden som ei fortsetjing av Risværfjorden mellom Edøyan i sør og Solsemholmen i nord. Fjorden går først austover mellom øya Dolma i sør og Madsøya i nord. Like aust for Dolma ligg Gulholmen og frå her går Årsetfjorden søraustover, medan Lekafjorden snur nordaustover på austsida av Madsøya. Nord for Madsøya ligg Husby. Frå her går det ferje over til Sør-Gutvika på Austra i aust. Fjorden endar i nord mellom Skeisneset i vest og Stongsholmane i aust. 65°1′44.306″N 11°37′56.863″E / 65.02897389°N 11.63246194°E / 65.02897389; 11.63246194