Årstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over bydelane i Bergen.

Årstad er ein bydel i Bergen. Bydelen ligg sør for sentrum, og det budde om lag 36 350 menneske der i 2009 [1]. Bydelen med namnet Årstad har ikkje same grenser som det gamle Årstad prestegjeld, og t.d. er garden Årstad ikkje med i Årstad bydel.

Namnet «Årstad» kjem av «Alrekstad», som var namnet på kongsgarden som låg i området. Alrekstad har ei soge som er eldre enn Bergen by, med spor attende til ein Kong Alfred som skal ha budd der på 400-talet. Alrekstad vert nemnd fleire gonger i kongesogene.

Årstad sokn vart skilt ut frå Fana prestegjeld i 1752 og vart lagt til hospitalskyrkja St. Jørgen i Bergen. I 1886 vart Årstad skilt ut frå St. Jørgen som eige prestegjeld. Seinare er fleire delar av Årstad frådelt som eigne prestegjeld: St. Markus i 1928, Fridalen og Solheim i 1957.

Det kom sterk industrivekst i Årstad i andre halvdel av 1800-talet. Bergen Mekaniske Verksteder og Wingaards Jernstøberi etablerte seg i Solheimsviken i 1850, og folketalet auka då raskt. I 1801 hadde Årstad sokn 290 innbyggarar, i 1900 budde det 4782 menneske i Årstad, og då kommunen vart innlemma i Bergen i 1915 var folketalet 10 774.

Årstad var eigen kommune fram til 1915, då han vart ein del av Bergen kommune.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]