Laksevåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over bydelane i Bergen.

Laksevåg er ein tidlegare norsk kommune i Hordaland fylke. Frå 1972 er Laksevåg ein bydel i Bergen kommune. Kommunenamnet vart òg skrive "Laxevaag". Damsgård, Gravdal, Nygårdsviken, Alvøen, Godvik, Håkonshella, Oldernes, Skålevik og Loddefjord er døme på stadnamn i Laksevåg. Mange av desse namna er gardsnamn med røter attende til mellomalderen.

Laksevåg kommune (herad) 1918 - 1972[endre | endre wikiteksten]

Laksevåg vart i 1918 skilt ut frå Askøy kommune. Den nye kommunen fekk ein dårleg økonomi, og i 1921 vart Gyldenpris ført over til Bergen. Truleg vart overføringa gjort i von om ei seinare full samanslåing. Etter at økonomiske nedgangstider på 1930-talet ramma nøkkelføretak som Bergen Mekaniske Verksted (BMV) og Valseverket, måtte kommunen i 1934 be om gjeldsforhandlinger. Under andre verdskrigen 1940-45 bygde tyskarane opp store anlegg i kommunen, mellom anna ubåtbunkeren Bruno. Etter krigen tok økonomien seg opp, og opninga av Puddefjordsbrua i 1956 tydde betre kommunikasjonar særleg inn mot Bergen. Ei storstilt bustadutbygging fylgde. Bergen kommune ynskte etter kvart ei samanslåing. Samanslåinga vart gjennomført i 1972. Den gamle kommunen hadde då 24 672 innbyggjarar.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Laksevåg kommune frå 1920 til 1972:

1.12.1920[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1971[3]
8691 9130 11 565 13 710 18 150 23 350

Laksevågposten er lokalavis for Laksevåg bydel. Elles har Bergens Tidende ymse nyhende frå Laksevåg.

Industri i Laksevåg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Andersen, Alfred: Alvøen med Loddefjord sogn. (2. utgåve) Loddefjord, 1999. (ISBN 82-993306-2-9)
  • Fossen, Kjell: Laksevåg : strandstedet, jordbruks- og fiskerlandet ved søndre led. Laksevågs historie i 3 bind, Bergen 1984-1991. (ISBN 82-7128-078-3)
  • Frichsen, Sigurd: Sånn va' det. Folket, kirken og fergen. Laksevåg, 2000. (ISBN 82-995593-0-8)
  • Frichsen, Sigurd: Laksevåg forteller. Sånn va' det II. Laksevåg, 2001.(ISBN 82-995593-1-6)
  • Frichsen, Sigurd (red.): Vi reiste oss igjen. Et 60-årsminne. 4. oktober 1944-2004. Laksevåg, 2004. (ISBN 82-995593-2-4)
  • Hellesund, Kristian: Årbok for Laksevåg 2002. Olsvik, 2002. (ISBN 82-996530-0-2)
  • Hellesund, Kristian: 26 måneder. Olsvik, 2005. (ISBN 82-996530-2-9)
  • Laksevåg kommune. Et halvt sekel. Utg. i høve av Laksevåg kommunes 50 års jubileum 1918-1968. Red. I. Engstrup. [Laksevåg] 1968.
  • Lyngvi, Arne: Bomber over Laksevåg : 4. oktober 1944 og tiden som fulgte, Bergen 2000. (ISBN 82-7916-008-6)
  • Paulsen, Knut: Laksevåg : 1837-1937 : kommunalforvaltningen i 100 år, Laksevåg kommune 1938.
  • Paulsen, Øistein: Lyderhorn borettslag 25 år. Loddefjord, 1997. (ISBN 82-994526-0-0)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 Folkemengde i Fana 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå