Ås Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ås Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Ås kommune i Akershus fylke. Idrettslaget vart stifta 10. juli 1922 og er aktive i basketball, fotball, friidrett, handball, orientering, skiidrett og symjing. Tidlegare har også skøyteløp stått på programmet til laget.

Ås IL sitt fotballag spelar i grøne trøyer og elles kvitt. I 2019 deltok laget på nivå fire i seriesystemet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]