Åsenfjorden

Koordinatar: 63°33′27″N 10°47′30″E / 63.55750°N 10.79167°E / 63.55750; 10.79167
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Åsenfjorden er ein fjordarm av Trondheimsfjorden i kommunaen Stjørdal, Levanger og Frosta i Trøndelag. Fjorden ligg nordaust for Trondheim og strekkjer seg om lag 15 km nordaustover på austsida av Frosta.

Fjorden har innløp mellom Gullberget i vest og Rykkja i aust. Fjorden deler seg i fleire små fjordarmar i dei indre delane. Lengst aust ligg Fættenfjorden, Langråsa og Åvikfjorden. Eit 2,5 km breitt nes skil desse tre fjordarmane frå dei indre delane av Åsenfjorden. Innanfor Lauvtangen ligg Lofjorden og inst i fjorden dei tre armane Hoplafjorden, Leangsfjorden og Sunndalsfjorden.

Så godt som heile fjordsida er utbygd med gardar og grender, særleg på Frostasida der ein mellom anna finn grendene Sørgrenda, Evenhus, Mosknes, Hyndøya og Ulvika.

Riksveg 753 går sørover på Frostasida av fjorden, medan Europaveg 6 går langs delar av austsida.

Åsenfjorden sett frå Nordbygda på Skatval. Åsenfjorden strekkjer seg frå heilt til venstre på bilete, og vidare heilt til den høgre enden av biletet (Fættenfjorden). Han går òg vidare inn bak åsane heilt til venstre (Lofjorden).

63°33′27″N 10°47′30″E / 63.55750°N 10.79167°E / 63.55750; 10.79167