Åshild
Åshild er eit norsk kvinnenamn av norrønt opphav. Det er bygd opp av dei norrøne orda áss, «gud», og hildr, «strid».
Variantar er Aashild, Åsil og Åsild.
Åshild har namnedag 8. februar.
Bruk[endre | endre wikiteksten]
Åshild er eit noko nytta namn i Noreg, men er særs lite brukt i andre land. Varianten Áshildur er kjend på Island. I Noreg var Åshild mest populært som namn på jenteborn på 1940-talet, men sjølv då var det ikkje av dei vanlegaste namna.
Tabellen nedanfor gjev ein detaljert oversikt over populariteten til fornamnet Åshild og variantar av dette i nokre av dei landa der statistikk er tilgjengeleg.
Land | Av kvinner i landet | Av jenteborn | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Tal | Prosent | Rangering | Tal | Prosent | Rangering | ||
Noreg[1] Åshild | 3 225 (2006) | 0,14 % | 170. | 12 (2006) | 0,04 % | 306. | |
Noreg[1] Aashild | 395 (2006) | 0,02 % | 543. | - (2006) | - | (> 465.) | |
Island[2] Áshildur | 25 (2004) | 0,02 % | - | - (2000-2004) | - | (> 99.) | |
Færøyane[3] Áshild | 5 (2006) | 0,02 % | 580. | - (2006) | - | (> 60.) |
Kjende personar med namnet[endre | endre wikiteksten]
- Åshild Ringsdotter, ei av konene til Harald Hårfagre
- Åshild Ulstrup (f. 1934), norsk forfattar og radiojournalist
- Åshild Hauan (f. 1941), norsk politikar
- Åshild Lofthus (f. 1971), norsk snøbrettkjørar
- Åshild Breie Nyhus (f. 1975), norsk musikar
- Åshild Stensrud (f. 1975), norsk musikar
- Åshild Næss, norsk språkforskar
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Åshild» frå Wikipedia på bokmål, den 21. oktober 2008.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Navnestatistikk». Statistisk sentralbyrå. Statistikk for namn i Noreg
- ↑ «Nöfn í þjóðskrá». Hagstofa Íslands. Statistikk for namn på Island (islandsk)
- ↑ «Íbúgvaviðurskifti og val». Hagstova Føroya. Statistikk for namn på Færøyane (færøysk)