Åsynje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Åsynjene var det dei kvinnelege æsene blei kalla i norrøn gudetru. Dei var anten gift med eller døtrer av æser, ofte begge delar.

Etter Snorre bygde åsynjene eit hov kring Frigg, den fremste av dei. Åsynjene han reknar opp er Saga, Eir, Gefjon, Fulla, Frøya, Sjøfn, Lofn, Var, Vør, Syn, Lin, Snotra, Gnå, Sol, Bil, Jord og Rind.