Frigg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Frigg (fleirtyding)
Frigg spinn skyene, måleri av John Charles Dollman.

Frigg (Frigga) er i den norrøne mytologien Odin si kone. Namnet skal tyda den som elskar. Ho har ifylgje eddadiktet Voluspå sin eigen hall, FensalirMyrhallane»), og fleire av dei store myrfunna, arkeologiske funn av gjenstandar som har vore ofra i myrer og vatn i gamal tid, kan ha hatt med henne å gjere.

Slik Frigg er skildra i dei norrøne skriftene, som alle er nedskrivne i den kristne mellomalderen, vert ho ofte forveksla med Frøya. Ho har her mange likskapar med Frøya, og mange meiner dei to er ei og same gudinne. Frigg står for den ekteskaplege kjærleiken og morskjærleiken, medan Frøya står for sensuell kjærleik og grøderikdom.

Far til Frigg var Fjòrgyn. Han skal vera sjølve jorda.

Saman med Odin fekk Frigg sønene Balder og Hod. Loke lura den blinde Hod til å skyta ein misteltein på Balder etter at Loke fekk nyss i at mistelteinen var den einaste skapnaden på jorda som kunne skada Balder. Frigg fekk veldig skuldkjensle etter denne hendinga, sidan ho lét vera å be mistelteinen lova å aldri skada Balder.

Frigg var særs ven, og var den mektigaste av gudinnene. Frigg var kjærleiks- og lagnadsgudinne. Ho kjende menneska sin lagnad like godt som Odin sjølv. Ho var gudinne over ekteskapet. Hennar sendebod er åsynja Gna (Gnå), som rir over himmelen på hesten Hovvarpne. Andre åsynjer Frigg vert knytt til er Lin, som vernar alle menneske som Frigg ynskjer å gi verna om. Fulla ber øskja til Frigg, passar skoa hennar, og kjenner alle hennar løyndomar.

I Snorre si Ynglingesoga kjem det fram at Frigg skal ha vore utru mot Odin. Utruskapen skal ha skjedd med brørne til Odin Ve og Vilje, ei gong Odin var på reise så lenge at dei trudde han var død.

Kjærleiksgudinna Venus i den romerske mytologien svarar til Frigg. Venus gav fredagen namn på latin, Dies veneris, på same vis med Frigg. Frjá tydde kjærleik, og frjádagr er vorte til fredag.

Ting oppkalla etter Frigg[endre | endre wikiteksten]