Æge
Utsjånad
| Æge | |
|---|---|
| havgud, norrøn guddom, sogekonge | |
Æge-hovud ved vikinglandsbyen i Fotevikens Museum i Skåne. | |
| Kjønn | mann |
| Foreldre |
|
| Ektemake | Rån |
| Barn | dei ni mødrene til Heimdall, dei ni døtrene til Ægir, Kólga, Bára, Unn, Hrönn, Himinglæva, Hefring, Dufa, Blóðughadda, Bylgja |
Æge, norrønt Ægir, er herskaren over havet i norrøn mytologi. Han er gift med Rån (Ran), og saman har dei ni døtrer, havbølgjene.[1] Æge blir også kalla Hlér og Gyme (Gymir).[2]
Han er ofte kalla ein jotun, og omtalt som sonen til jotunen Fornjótr, som var konge av Finland, og bror til Logi (eld) og Kári (vind). Andre stader er det mindre klårt kva type vesen han er. I Skáldskaparmál av Snorre Sturlasson blir Æge identifisert med Gymer (Gymir) og Hlér som budde på Hlesey (Læsø).
Æge er kjend for gjesteboda sine. I Lokasenna (Loketretta) held han ein fest for æsene som blir øydelagd av Loke.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Æge» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Arild-Hauge.com - Hvem Hva Hvor i Norrøn mytologi, besøkt 5. februar 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Æge» frå Wikipedia på bokmål, og «Ægir» frå Wikipedia på engelsk den 27. oktober 2008.