Jotnar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jotun)
Jotunen Hyme saman med Guden Tor som freista fiske Midgardsormen, avbilda på eit fragment av ein stein i kyrkja i Nord-England som Gosforthkrossen står attmed.

Jotnar (norrønt jǫtunn, fleirtal jǫtnar; 'etar') var i norrøn gudelære vesen som var fiendar av æser og menneske. Eit anna namn på dei er Rimtussar (Hrymþurs). Jotnane var avkjøme etter Yme og heldt til i Jotunheim, som er ein mytisk stad som ikkje må forvekslast med fjellpartiet Jotunheimen. Andre former av ordet jotun er jøtun, jøtul og jutul. Andre namn på same type skapning er rise, rimtuss, bergtroll. Tussane er rekna som mytologisk nærskylde, sjølv om desse er rekna som langt mindre på storleik i nyare folkeminne. Eit jotunkvinne er ofte kalla ei gyger.

Jotunkvinnene Fenja og Menja av Carl Larsson.

Av jotnar fanst det to slag. På den eine sida er dei kaoskrefter som lyt overvinnast, medan dei og sit inne med urgamal visdom, og nokre av dei, særskild jotunkvenda, kan vera ovende fagre. Æsene og jotnane er elles i slekt, og Odin rekna morsætta si frå den gamle tusseslekta før Yme vart drepen. Mor hans var Bestla, dotter av jotunen Boltorne.

Jotnane kan syne seg i mange skap, og skifter gjerne ham. Nokre av dei er gode med seid og synkverving, som Utgardsloke.

Kjende jotnar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Jotnar
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.