Éamon de Valera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Éamon de Valera
Éamon de Valera 02.jpg
Fødd 14. oktober 1882
New York by
Død

29. august 1975
Dublin

Éamon de Valera på Commons

Eamon de Valera (fødd Edward George de Valera14. oktober 188229. august 1975) var ein irsk opprørsleiar og politikar på Irland. Han var taoiseach (statsminister) i Republikken Irland tre gonger, og president frå 1959 til 1973. Han var også ein hovudperson bak den irske grunnloven.[1]

De Valera var mest kjend som ein av leiarane av den irske kampen for sjølvstende frå Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland tidleg på 1900-talet. Han hadde ei leiande rolle under den irske sjølvstendekrigen og motstanden mot den anglo-irske traktaten under den irske borgarkrigen som følgde (1922–1923). Etter å ha gått ut av Sinn Féin i 1926, fordi rørsla boikotta det irske parlamentet, skipa han Fianna Fáil og blei regjeringsleiar i Den irske fristaten og seinare taoiseach) frå 1932 til 1948, 1951 til 1954 og 1957 til 1959, då han gav seg etter å ha blitt vald til irsk president. Den politiske ståstaden hans utvikla seg frå ein militant republikanisme til sosial og kulturell konservatisme.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mr. Éamon de Valera». Oireachtas Members Database. http://www.oireachtas.ie/members-hist/default.asp?housetype=0&HouseNum=13&MemberID=301&ConstID=26. Henta 1 June 2009. 
  2. Ferriter, Judging Dev: A Reassessment of the Life and Legacy of Eamon De Valera. (2007)