Épernay
| Épernay | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Grand Est | ||
| Departement | Marne | ||
| Høgd | 72 m | ||
| Areal | 22,69 km² | ||
| Folketal | 22 174 (1. januar 2023) | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Postnummer | 51200 | ||
![]() Épernay 49°02′24″N 3°57′33″E / 49.04°N 3.9591666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Épernay | |||
Épernay er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Marne i regionen Grand Est og har om lag 25 000 innbyggjarar.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Épernay ligg 140 km nordaust for Paris langs jernbanelinja til Strasbourg. Byen ligg ved den venstre breidda til Marne i enden av den vakre Cubrydalen som kryssar han.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Épernay (Sparnacum) høyrte til erkebiskopane av Reims frå 400- til 900-talet, då han kom inn under grevane av Champagne. Han vart hardt råka under Hundreårskrigen og vart sett i brann av Frans I i 1544. Byen stod imot åtak frå Henrik av Navarre i 1592, og Armand de Gontaut fall under åtaket som gjorde at byen til slutt vart erobra. I 1642 vart byen, i lag med Château-Thierry, oppgradert til hertugdøme og overført til duc de Bouillon.
