Frans I av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frans I av Frankrike
François Ier Louvre.jpg
Frans, måla av Jean Clouet
FranskFrançois Ier
Fødd12. september 1494
FødestadCognac
Død31. mars 1547
DødsstadRambouillet
GravstadKlosterkyrkja Saint-Denis
Gift medClaude av Frankrike, Elenore av Østerrike, Elenore av Østerrike
DynastiHuset Valois
FarKarl av Angoulême
MorLouise of Savoy
BornCharlotte av Valois, Francis III, Henrik II av Frankrike, Magdalena av Valois, Charles II de Valois, Duke of Orléans, Margaret of France, Duchess of Berry, Louise de France

Frans I av Frankrike (12. september 149431. mars 1547) var konge av Frankrike frå 1515 til han døydde i 1547. Han var son til hertug Karl av Valois og far til Henrik II.

Riksstyring[endre | endre wikiteksten]

I 1515 tok Frans over trona etter fetteren, kong Ludvig 12. Frans heldt fram den striden om Italia som dei franske kongane førte. Etter Karl V vart tysk-romersk keisar, tapte Frans Milano i 1521. Året etter måtte han rømme frå Italia. Eit forbund av fiendar planla i 1523 ein samordna invasjon i Frankrike; frå nord England, frå aust Tyskland og frå sør Spania. Alle invasjonane vart slått tilbake. På ny kunne Frans føre krigen over på italiensk jord. Ved Pavia i 1525 vart Frans slått, teken til fange og ført til Madrid, der han i januar 1526 avstod Burgund og gav opp suvereniteten over Flandern og Artois, og dessutan sitt krav på Italia. Etter han vart sett fri fekk Frans ei notabelforsamling i Burgund til å nekte han rett til å innfri desse lovnadene. Krigen braut då ut att, og i 1527–28 erobra franskmennene heile Nord-Italia og Napoli. Etter dette gav Karl 5 opp kravet på Burgund ved freden i Cambrai i 1529. I 1535 tok Frans makta i Savoie og Piemonte, landområde han beheldt ved våpenkvila året etter. Under ein ny krig i 1543–44 kom eit nytt mislukka angrep mot Frankrike, og ved freden i Crespy vart alt som før.

Innanriks[endre | endre wikiteksten]

Innanrikspolitisk styrkte Frans kongemakta. Presteskapet vart underordna kongen, og generalstendane vart ikkje kalla inn. Frans var avventande overfor protestantane, seinare rådde dei katolske rådgjevarane han til den store forfølginga av valdenserane i 1545. Og året etter vart ei rekke protestantar brent.

Frans var mykje interessert i litteratur og kunst. Både franske og italienske målarar, mellom dei Leonardo da Vinci, vart knytta til det nye og praktfulle slottet Louvre, så vel som Fontainebleau og Chambord. Både dikting og vitskap fekk vern i hans styringstid. Han tok såleis initiativet til at Collège de France vart oppretta i 1530.

Frans var ein lettliva og praktsjuk kar. Han forma det franske hofflivet, ein veremåte som seinare alle europeiske kongehus tok til mønster. Han innførte også metresse-systemet.

Frans I vart gravlagd i Reims.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]