Érd
47°22′42″N 18°55′19″E / 47.37833°N 18.92194°E
| Érd | |||
| by | |||
Ruinane av borga i Érd | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Statistisk region | Sentral-Ungarn | ||
| Fylke | Pest | ||
| Distrikt | Érd | ||
| Areal | 60,54 km² | ||
| Folketal | 71 253 (2022[1]) | ||
| Først nemnd i | 1243 | ||
| Postnummer | 2030 | ||
| Retningsnummer | 23 | ||
![]() Érd 47°22′42″N 18°55′19″E / 47.378333333333°N 18.921944444444°E | |||
| Wikimedia Commons: Érd | |||
Érd (tysk Hanselbeck, kroatisk Andzabeg) er ein by med fylkesrettar[2] og hovudsete i distriktet med same namn i Pest fylke i Ungarn.[3] Byen ligg sentralt i landet og er ein del av storbyområdet til Budapest.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området har vore busett sidan antikken. Arkeologiske funn viser at det var menneske her for 50 000 år sidan.
Érd vart først nemnd i dokument i 1243. Namnet kjem anten frå ordet erdő («skog») eller frå ér («elv»).
Under den osmanske okkupasjonen av Ungarn vart Érd erobra av tyrkarane i 1543, etter at borga i Székesfehérvár fall. Tyrkarane bygde ei motteborg og ein djami (moske) her. På denne tida vart staden kalla Hamzsabég. I 1684 klarte hæren leia av Karl IV av Lorraine å slå tyrkarane nær Érd.
I 1776 vart Érd ein oppidum (småby). Han kan òg ha vore oppidum før den osmanske okkupasjonen. Tidleg på 1900-talet vart Érd Károlyi-familien sin eigedom. Byen voks, men var hovudsakleg ein jordbruksby fram til 1972, då fleire nye bygningar vart ført opp og Érd byrja å trekke fleire turistar.
Érd var den byen som voks raskast i Ungarn mellom 1991 and 2001 (opp 30.6%). Den 7. november 2005 gav regjeringa Érd status som by med fylkesrettar.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i busetnaden ved dei siste folketeljingane:[1]
| Folketal 2001 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
|---|---|---|---|
| Érd | 56 598 | 63 662 | 71 253 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Érd» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2007.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Census database: Population data by settlement». Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). Henta 23. september 2025.
- ↑ «Megyei jogú városok (Byar med fylkesrettar)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). juli 2012. Henta 24. september 2025.
- ↑ «Magyarország közigazgatási helynévkönyve 2019. január 1. (Administrative stadnamn 1. januar 2019)» (PDF). ksh.hu (på ungarsk og engelsk). Központi Statisztikai Hivatal (KSH) (Ungarns sentrale statistiske kontor). 1. januar 2019. Henta 24. september 2025.
