Óðarkeftr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Óðarkeftr
Fødd 10. hundreåret
Yrke skald
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Óðarkeftr eller Óðarkeptr var ein skald som levde omkring år 1000. Namnet er truleg eit tilnamn, og kan tyde «diktarkjeften». [1]

I Skaldatal[2] er Óðarkeftr oppført som skald hos kong Knut den store og han må truleg ha gjort eit dikt, helst ei dråpa, til kong Knut. Etter ei opplysning i Landnåmaboka (Tordarbok) skal han òg ha gjort eit dikt om islendingen Gudleif Arason[3] (Tangbrand sin hjelpeprest).

Noko meir om livet til Óðarkeftr veit vi ikkje og ingen av skaldeverka hans er kjende i dag.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tilnamnet Óðarkeftr er vel i same kategori som skaldenanmnet «Halldor Skvaldre» (Halldórr skvaldri), oftast gitt tydinga: «Halldor den pratsame».
  2. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  3. Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning Finnur Jonsson, side 166