Gotland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 57°30′0″N 18°33′0″E
Gotland
øy
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Landskap Gotland
Len Gotland
Kommune Gotlands kommun
By Visby
stad Austersjøen
 - koordinatar 57°30′0″N 18°33′0″E
Areal 3 183,7 km²
Folketal 57 221 (2009)
Sweden location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Gotland

Gotland er ei øy og eit svensk landskap i Austersjøen, kring 90 km frå den svenske fastlandskysten. Landskapet vert utgjort av øya Gotland i tillegg til Fårö, Karlsöarna, Gotska Sandön og fleire mindre øyar. Landskapet er eit eige len (Gotlands län), ein eigen kommune (Gotlands kommun) og eit eige kyrkjestift (Visby stift). Fram til 1921 var stavemåten Gottland. Då øya var styrt frå Danmark, vart øya kalla Gulland av danskane. Landskapet har 42 000 kjende fornminne. Det høgaste punktet er Lojsta hed på 83 meter over havet.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Biletstein (700-800 e.Kr.) frå Gotland. Her finst mellom anna eit motiv som kan kjennast att som ei av hendingane som er skildra i eddadiktet om smeden Volund.
Gammelgarns mellomalderkyrkje på Gotland med kastalen framfor.

Gotland er særs viktig i både arkeologisk og religionshistorisk samanhang, særleg med omsyn til funn frå jarnalderen. Her finst til saman 42 000 kjende fornminne.

I steinalderen var Gotland busett av seljegarar og fiskarar, som har hatt tilhald mellom anna i hola Stora Förvar på Stora Karlsö og på Ajvide-buplassen på Ekstakysten innanfor Karlsöarna. På øya er det òg gjort talrike arkeologiske funn funn frå bronsealderen og jarnalderen. Til dømes finst store gravfelt i nærleiken av Trullhalsar og Gålrum, og ei mengd gravrøyser frå bronsealderen, som på Gotland vert kalla rojr er å sjå ikring på heile øya; den største er Uggarderojr i Rone. Dessutan er skipsettingar (rekkjer av reiste stein som dannar konturane av ein båt) vanlege.

Øya er vidgjeten for dei mange biletsteinene frå jarnalderen, reiste steinheller med innteikna figurar av ulik art, vanlegvis utan runeinnskrift. Etter alt å døme har bileta dels å gjere med generell germansk førkristen mytologi, dels med lokal førkristen mytologi og segn særleg knytt til folkegruppene på øya. Dei vert tidfesta til perioden frå 700 e.Kr. og fram til ut på 1000-talet.

Sjølv om Mälardalen kan visa til funn av fleire runesteinar, er Gotland sine runesteinar eldre. Mellom desse er Kylverstenen i Stånga, som truleg er frå 300-talet. Den første fullstendige runefuþarken er avbilda.

Gotlendingane har drive omfattande skipsfart og skaffe seg mykje rikdom, slik store arkeologiske funn av gull- og sylvgjenstandar syner, mellom anna eit stort funn av 14000 sylvmyntar frå vikingtida som vart gjort i 1999, den såkalla Spillingsskatten, som vog 67 kilo.

Frå mellomalderen finst 95 kyrkjer av stein, utsmykka med skulpturar og relieff. Ofte har kyrkjene prestegardar og slike tårnliknande forsvarsbygningar som vert kalla kastalar.

Gotland var tidleg eit senter for handel, tidvis òg ein stad der sjørøvarar heldt til. I mellomalderen oppstod det konfliktar mellom innflytta tyske kjøpmenn i hansabyen Visby og dei bøndene i området som dreiv med handel. Konflikten utvikla seg til ein liten borgarkrig. Kong Magnus Ladulås fekk slutt på kampane i 1288. I 1361 vart øya teke av den danske kongen Valdemar Atterdag. Først i 1645, ved freden i Brömsebro, vart Gotland svensk.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Filmar spela inn på Gotland[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gotland

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.