Skald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)
Skaldane kved for hæren til kong Olav, før slaget på Stiklestad.
Illustrasjon av Halfdan Egedius (1877-1899).
Skalden Berse Skaldtorfuson kom i unåde hos kong Olav den heilage og vart lagt i lekkjer. Han kjøpte seg fri ved å gjere eit dikt (flokk) som kongen likte.
Illustrasjon av Christian Krohg (1899).

Skald (norrønt: skáld) var nemninga på diktaren og historieforteljaren (talaren) i det norrøne samfunnet. Opphav og tyding av ordet «skald» er omdiskutert[1]. Skaldskap eller skaldedikting er ei av dei to hovedgruppene i norrøn poesi. Den andre er Edda-poesien.

Omdøme[endre | endre wikiteksten]

Skalden hadde oftast ein høg status i det norrøne samfunnet og han kom ofte frå ei mektig ætt. Mange skaldar var óg menn med stor makt og prestisje, som til dømes Bjarne Kolbeinsson som var ein mektig og rik biskopOrknøyane og Skafte Toroddsson som var ein mektig hovding og lovseiemannIsland. Skalden kunne bli omtala som skaldmann (skaldmaðr) eller songdiktar (ljoðasmiðr) og ein kvinneleg skald vart kalla skaldkone (skaldkona) eller skaldmøy (skaldmær). Dei beste vart kalla hovudskald (höfuðskáld) eller storskald (Þjóðskáld), medan ein dårleg fekk omtale som ein «udugeleg skald» (skaldfifl).

Skaldane var ofte i teneste hjå kongane eller andre stormenn og dei hadde gjerne ein høg posisjon i fyrsten sitt følgje. Til dømes fekk Sigvat Skald tittelen stallare i hirda til Olav den heilage og Sturla Tordsson var skutilsvein (riddar) i hirda til Magnus Lagabøte. Skaldekvadet vart tillagt stor verdi og ofte lønt med verdfulle gåver i «brageløn», det kunne vere gullringar, gode våpen, praktfulle klesdrakter og reie pengar i sølv[Note 1]. Eit dikt kunne òg nyttast som skadebot, i staden for gull, og Arinbjørn herse brukte ein gong dette argumentet[Note 2]: «Om Egil har sagt vonde ord mot kongen, så kan han bøta det med slike lovord som vil minnast i alle tider».

Eigenskapar og opplæring[endre | endre wikiteksten]

Skaldskap var rekna som eit handverk og det å kunne gjere dikt er nemnt i sogene som ein av idrottane. Ragnvald jarl gjorde eit dikt om seg sjølv, der han skryt av at han kan ni idrottar; den niande var skaldeyrket[Note 3]. Frå gamalt heitte det å dikte «å yrkja» (yrkja kvæði) og diktaren kunne kalle seg «smed» (ljoðasmiðr). Ein som skulle bli ein god skald, måtte ha særlege medfødde eigenskapar og stor livserfaring, men han måtte òg ha opplæring. Ein ung skald gjekk gjerne i lære hjå ein erfaren skald, slik som det er nemnt at Einar Skålaglam gjekk i lære hjå Egil Skallagrimsson. Skalden måtte gjennom eit grundig studium (nám) for å tileigne seg historiekunnskapar og kjennskap til samtidige fyrstar og livstilhøve i dei norrøne landa. Ikkje minst måtte han vere godt kjent med norrøn mytologi og han måtte lære seg dei ulike verseformene og dei poetiske omskrivingane (kjenningane).

Kven var dei[endre | endre wikiteksten]

Alle dei kjende skaldane var enten norske eller islandske. Det er òg eit særdrag at særs mange av dei kom frå det ein kan kalle skaldeslekter. Éi slekt var etterkomarane av Brage den gamle (Boddason), som vart kalla Gilsbekkingane, der ein t.d. finn Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge. Ei anna slekt var Kvelduvslekta (Myramennene) der ein finn Egil Skallagrimsson, Olve Nuva og Einar Skulason og fleire. Sturlungane si mektige slekt fostra mange skaldar, som til dømes Snorre Sturlason, Sturla Tordsson, Olav Tordsson (Kvitskald) og Steinvor Sigvatsdotter. Det er mange døme på at skaldeyrket gjekk i arv til son og soneson (eller dotterson) og at brør kunne begge vere dugande og kjende skaldar.

Mange skaldar hadde framståande stillingar i samfunnet, og i mange høve fekk dei høge ombod i kongen si hird. Det er mange døme på at skaldane reiste vide, både som handelsmenn og som pilegrimar til det heilage landet. Det var ikkje uvanleg at dei vitja kongar og stormenn i dei andre skandinaviske landa og England, der dei oftast vart tekne vel imot og vist stor vørnad.

Dei eldste kjende skaldekvada blir tillagt skalden Brage den gamle og hans dikt «Ragnarsdråpa»[2] (om Ragnar Lodbrok) er kanskje det aller eldste skaldekvadet som er kjent. Brage var mest truleg norsk og levde på byrjinga av 800-talet. Men det fanst opplagt andre skaldar på hans tid og i Skaldatal[3] er til dømes nemnt Erp lutande, Fleinn Hjørsson, Ulf Orage og fleire.

Ein kjenner til berre nokre få kvinnelege skaldar, som Jorunn Skaldmøy, Hild Rolvsdotter, Steinunn Revsdotter og Steinvor Sigvatsdotter. Sistnemnde er den einaste kvinnelege skalden som er nemnt i Skaldatal[3].

Kjelder for ettertida[endre | endre wikiteksten]

Röksteinen i Östergötland har Nordens lengste runeinnskrift med 750 runer. Ei av storfene på steinen er i versemålet fornyrdislag.

I den eldste tida vart hendingar, utsegn og skaldekvad ikkje nedskrivne, men vart hugsa og fortalt vidare frå generasjon til generasjon. Unntaka er dei anonyme runeinnskriftene, oftast var dei særs kortfatta men nokre av dei gir òg eit innblikk i skaldekunsten. Eksempel på dette er:

innskrifta på Röksteinen[4], i versemålet fornyrdislag, datert til tidleg 800-tal.
runeinnskrifta frå Urnes stavkyrkje[5] , i verseforma drottkvætt, datert til slutten av 1100-talet.
runeinnskrifta frå Årdal stavkyrkje[6] datert til 1200-talet.

Men langt dei fleste skaldekvada vart ikke nedskrivne, dei vart lærte og levde vidare på folkeminnet. Den faste, til dels rimbundne forma på skaldekvada gjorde at dei vart hugsa, og hugsa rett, og dei var ofte høgt verdsett for di dei kunne avgjere ettermælet for ein person, noko som var særs viktig for folk i norrøn tid. I Håvamål[7] er det uttrykt det slik (i vers 77): «Eitt eg veit som aldri døyr, dom om daudan kvar». Dette kunne sjølvsagt òg gjelde eit negativt ettermæle, som kunne skuldast eit nidvers.

I fortalen til Heimskringla[8] skreiv Snorre sjølv mellom anna at ingen skald ville våge å kome med løgn og urette opplysningar om ein mann: «Det ville da vere hån og ikkje ros».

Kongar og stormenn hadde gjerne ein eller fleire skaldar knytt til seg, til dømes skal både kong Sverre og kong Harald Hardråde ha hatt ikkje mindre enn tretten av dei. Mange av skaldane fungerte som kongelege historiografar og skulle sørge for at liv og lagnad, og ikkje minst storverka til kongen, vart hugsa for ettertida. Slik vart skaldane sine dikt ofte den beste, og sikraste, kjelda for dei som seinare skulle skrive ned historiske hendingar. Dette ser ein ikkje minst i Snorre sitt historieverk, Heimskringla, der mykje av innhaldet er dikta av Snorre, men med dei grunnleggande fakta basert på opplysningar som han fann i dei gamle skaldeversa.

Skalden kunne nok i mange høve mistenkast for å prise ein konge mest positivt, og ikkje nemne slikt som han visste at kongen mislikte, men det hende òg at skalden kunne vere refsande, og han kunne uttrykke kritiske meiningar om ein person eller ei hending. I diktet «Bersoglisviser»[9] retter Sigvat Skald ei kritisk åtvaring til kong Magnus den gode, og skalden Tjodolv Arnorsson hevdar i ei vise[10] at kong Harald Hardråde baud ut hærtoget til England i 1066 «utan god grunn» (þarflaust).

Men skalden gjorde ikkje berre dikt om historiske personar og hendingar. Dei var òg diktarar, som poetane i vår tid, som kunne gjere dikt om kjensler, om sorg og glede. Særleg finn ein eit sterkt uttrykk for dette i Egil Skallagrimsson sitt lyriske dikt «Sonetapet» (Sonatorrek) der han uttrykker si sorg over tapet av sonen. Like uttrykksfullt er Odd Kikinaskald sitt vers om sorga han kjende etter at kong Magnus den gode var død.

Skaldekunsten[endre | endre wikiteksten]

Framsida på eit Edda-manuskript frå 1764 (ÍB 299 4to[11]).

Skaldediktinga (skaldskapr) var nært knytt til norrøn mytologi og henta mykje av sine diktariske motiv derifrå. Det var guden Odin som var opphavet til skaldekunsten då han stal skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung og gav han til æsene og dei folk som kan dikte. I Håvamål[7] er nemnt dette (vers 110):

Suttung svikinn
hann lét sumbli frá
ok grætta Gunnlöðu.
Suttung han sveik
for skaldedrykken
og Gunnlód sårt han grøtte

Sonen til Odin, guden Brage, skal ha vore den største av alle skaldar.

Den eldste delen av dei norrøne skaldekvada er samla i bokverket som blir kalla Den eldre Edda[12][13] (Den poetiske Edda eller Sæmunds Edda). Det er ikkje kjent kven som opphavleg dikta eddadikta og dei fleste vart ikkje nedskrivne før på 1200-talet. Ein deler gjerne dikta i to grupper:

  • Gudedikta, med motiv frå norrøn gudetru, mellom dei Håvamål.
  • Heltedikta, dei fleste med motiv frå fellesgermanske segn og myter.

Omkring 1220 forfatta Snorre eit verk som blir kalla Snorre-Edda[14] eller Den yngre Edda, og det inneheld bolkane:

  • Gylvaginning[15]: gamle myter og dikt som skildrar opphavet til verda og gjer greie for den norrøne gudelæra.
  • Skaldskaparmålet[16] – innføring i skaldediktning med forklaring og døme på bruk av poetiske omskrivingar av ord og uttrykk.
  • Håttatal[17] (háttatal) er eit dikt på 102 strofer som er forma som eit læredikt i skaldskap og inneheld eksempel på dei ulike versemåla.

I Snorre-Edda gjorde Snorre greie for dei norrøne skaldane og dikta deira og gav forklaringar omkring versemål og biletspråk. Grunnleggande element i skaldespråket var bruk av poetiske omskrivingar:

Heiti (heiti)[18] er poetiske nemningar, som til dømes: Odins son = Brage, landets verjar = konge
Kjenning (kenning)[19] er ei poetisk omskriving. Ei enkel kjenning kan vere: fleinbrak = spydbrak = strid. Ei meir samansett er: bôru fáks ins bleika = bleike bårehestar = bleike (kvitmåla) skip. Enkelte kjenningar kan være særs komplekse, opp til 5 ordlekkar, og tolkinga kan krevje stor innsikt av lesaren.

I Snorre sitt arbeid vart samla all den kunnskapen som var naudsynt for å kunne bli ein god skald, men arbeidet hans var òg særs viktig for at folk, både i hans samtid og i vår tid, fekk tilgang til og full forståing av den norrøne skaldediktinga.

Diktformene[endre | endre wikiteksten]

Det finst mange ulike typer av skaldekvad, dei viktigaste og mest brukte var desse:

  • Dråpa[20] (drápa), ein lang serie med strofer, med stev eller omkved etter kvar bolk, oftast i versemålet drottkvætt. Eit dikt til ein konge burde vere ei dråpa. Ei dråpa fekk ofte eit eigne namn, ofte knytt til personen ho handla om, til dømes «Eiriksdråpa», «Magnusdråpa» osb., men òg på grunn av andre årsaker, som «Vellekla» (diktaren var fattig), «Hovudlausen» (han dikta for å redde hovudet), «Hrynhenda» og «Rekstefja» (på grunn av innhald), og fleire.
  • Flokk (flokkr), oftast eit kortare dikt enn dråpa og utan stev, òg kalla ei vise ( vísa, fleirtal: vísur) eller ein dræplingr (stutt dråpa).
  • Lausavise (lausavísa), ei enklare, frittståande strofe, oftast improvisert for eit gitt høve.

Etter innhaldet kunne kvada bli karakterisert med ulik namn:

Nidvise[21] (níðvísur eller kvidlingr) oftast gjort til spott for ein person.
Kjærleiksvise (mansöngr), eit kjærleiksdikt til ei kvinne, som òg kunne ha særs erotisk innhald.
Lovkvede (lofkvedi), eit rosande dikt.
Ættekvad eller arvekvad (erfi-drápa eller erfi-kvæði) er eit rosande og forteljande dikt om ein avdød person.

Versemåla[endre | endre wikiteksten]

Versemålet var særs kompleks og kunne bli utforma i mange variantar. Dei viktigaste hovudgruppene var:

Drottkvætt[22] som var det mest brukte versemålet i skaldediktinga. Det har faste reglar for oppbygging av verselinjer og rimform, og måtte nyttast for kvede til drottar (kongar og hovdingar).
Hrynhent (det brusande) er ei utviding av versemålet drottkvætt.
Kviduhått (kviðuháttr)[23] vart særleg nytta for ættekvede (genealogiske dikt), til dømes i Ynglingatal og Háleygjatal.

Andre norrøne versemål var edda-verseformene:

fornyrdislag (fornyrðislag)[24]
målahått (málaháttr)[25]
ljodahått (ljóðaháttr) [26]

Orda innan eit vers eller ein setningslekk i eit skaldedikt, kjem sjeldan i ei rekkefølge som fell naturleg for ein lesar i dag. Sentrale ord og uttrykk kan vere plassert i ulogisk orden å sjå til, men dette kan ha blitt gjort av omsyn til rimmønsteret og for å oppnå ei flytande rytme (“klang”) i diktet, eller for å forsterke meininga med strofa. Dei fleste av skaldekvada har ei slik utforming, slik som eksempelet her frå Håkonardråpa[27] av Tind Hallkjellsson, frå det tredje verset:

Dreif at Viðris veðri (vargi) grimmu (morgum varð auðfundit virði valgagls) þrimu hagli,[Note 4]

I «Den Norsk-Islandske Skjaldedigtning» (s.136 - sjå kjelder) har Finnur Jónsson ordna strofa til «normal» rekkefølge og omsett (til dansk) slik:

Grimmu þrimu hagli dreif at Viðris veðri, — morgum vargi varð auðfundit valgagls virði —
«Det haglede med kampens grumme hagl (pileregnen) i kampen — mangen ulv fik der let føde —»

Skaldane[endre | endre wikiteksten]

Skaldatal[3] er ei liste over norske og islandske skaldar, truleg påbyrja tidleg på 1200-talet av Snorre. Lista er ordna etter den tilknytinga skaldane hadde til ulike kongar, jarlar eller andre stormenn. Til saman inneheld lista namn på 148 skaldar, men ein kjenner i dag til meir enn 440 skaldenamn[28][29] frå norrøn tid. I dei andre norrøne kjeldene finst det ofte gode opplysningar om mange av skaldane, om kven dei var, om familien deira og om dikta dei skapte, medan for andre kjenner ein kanskje berre namnet og ikkje noko om livet deira. I mange høve nemner kjeldene skaldekvad som skal ha blitt gjort, men som i dag er bortkomne.

Det ein legg i omgrepet «skaldedikting», er den delen av den norrøne diktinga som er gjort av namngitte skaldar. Ein reknar likevel med mellom skaldedikta mange dikt som er anonyme, det vil seie at namnet på skalden er ikkje kjent eller er usikkert. Dett gjeld nokre av dei sentrale skaldedikta, som til dømes Málsháttakvæði, Bjarkamál og Darraðarljóð.

Det blir vel helst i vurderingssak om kven som var dei største skaldane, men det er ikkje tvil om at skaldar som Einar Skulason, Egil Skallagrimsson, Sigvat Skald, Ottar Svarte og Arnor jarlaskald skil seg ut som særs gode skaldar. Dei var òg særs produktive og mange av dikta deira er i dag kjende og høgt verdsette.

Dei om lag 300 åra før 1100 blir rekna som skalde-tidsrommet, og tida omkring 1100-1300 blir rekna som perioden då den norrøne litteraturen, sogene, kvada og lovene, vart omsett og nedskrivne. Skaldepoesien heldt rett nok fram ei tid av denne perioden, men i stadig mindre omfang, og kom etter kvart i forfall. Den kristne, religiøse poesien tok overhand og i tida etter at svartedauden hadde herja (1349), var skaldane, og dermed skaldediktinga, borte.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Ordet «skald» blir no brukt tvitydig, i humoristisk eller høgtideleg tyding om diktarar, musikarar og andre tradisjonsbærarar.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

De fleste skaldedikta, og opplysningar om skaldane, er blitt overlevert gjennom dei norrøne fornaldersogene og kongesogene, med Heimskringla [8]av Snorre Sturlason og Fagrskinna[30] som den viktigaste. Andre kjelder er dei særskilde sogene, som til dømes Jomsvikingsoga, Orknøyingasoga og soga om Håkon Ivarsson jarl (Hákonar saga Ívarssonar). Eit stor tilfang av opplysningar finn ein òg i dei islandske ættesogene (islendingesogene) og dei kortare skaldesogene (Þáttr) og den islandske landnåmaboka.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I soga om Gunnlaug Ormstunge er det fortalt at kong Sigtrygg silkeskjegg ville gi Gunnlaug to knarrar i skaldeløn. Skattmeisteren hans meinte då at det likevel var for mykje, og Gunnlaug fekk i staden ei praktfull, ny skarlaksdrakt og ein særs verdfull gullring.
  2. Egilsoga, side 154: Arinbjørn sitt ordskifte med Gunnhild kongemor.
  3. I diktet (ei lausavise) brukte Ragnvald jarl ordet bragþôttu som tyder: kunsten å gjere ei vise.
  4. Verselinja (i Håkonardråpa, vers 3) inneheld ikkje mindre en tre kjenningar: Grimmu þrimu hagli = kampens grumme hagl = pileregn, Viðris veðr = Odins storm = kampen, virði/varðr valgagls = måltid av slakte-gås = føde.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Etymologisk ordbog av Falk og Torp (Oslo 1991) ISBN: 8290520166
  2. Ragnarsdrápa av Brage den gamle (Skaldic Project)
  3. 3,0 3,1 3,2 Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  4. Rökstenen runestein i Östergötland i Östergötland
  5. Run N 319 Runeinnskrift frå Urnes stavkyrkje
  6. Run N 344 Runeinnskrift frå Årdal stavkyrkje
  7. 7,0 7,1 Håvamål omsett av Ivar Mortensson-Egnund, (Oslo 1996) ISBN: 8252147100
  8. 8,0 8,1 Snorres kongesoger red. Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy (Oslo 1993) ISBN 8252141390
  9. Bersǫglisvísur av Sigvat Skald (Skaldic Project)
  10. Lausavise av Tjodolv Arnorsson (Skaldic Project)
  11. Eddamanuskript ÍB 299 4to, frå handrit.is
  12. Edda-kvede (Den eldre Edda) omsett av Ivar Mortensson-Egnund (Oslo 1964)
  13. Edda Store norske leksikon
  14. Snorre-Edda av Snorre Sturlason, omsett av Anne Holtsmark (Oslo 1950)
  15. Gylvaginning frå www.heimskringla.no (norrøn tekst)
  16. Skaldskaparmål frå heimskringla.no (norrøn tekst)
  17. háttatal dikt av Snorre Sturlason (Skaldic Project)
  18. heitiStore norske leksikon
  19. kenningStore norske leksikon
  20. dråpa Store norske leksikon
  21. nidvise Store norske leksikon
  22. drottkvættStore norske leksikon
  23. kviduhått Store norske leksikon
  24. fornyrdislag Store norske leksikon
  25. målahått Store norske leksikon
  26. ljodahått Store norske leksikon
  27. Hákonardrápa av Tindr Hallkelsson (Skaldic Project)
  28. SkaldeoversiktSkaldic Project
  29. Skjaldeoversigt frå heimskringla.no
  30. Fagrskinna : en norsk kongesaga ved Johan Schreiner (Oslo 1926)

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]