Hopp til innhald

Östhammar

Koordinatar: 60°16′00″N 18°22′00″E / 60.26667°N 18.36667°E / 60.26667; 18.36667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

60°16′00″N 18°22′00″E / 60.26667°N 18.36667°E / 60.26667; 18.36667

Östhammar sentrum

Östhammar er ein svensk by og administrasjonsstad i Östhammars kommune i Uppsala län i landskapet Uppland. Han ligg ved Östhammarsfjärden, 70 km nordaust for Uppsala. I 2005 hadde byen 4 598 innbyggjarar.

Östhammar er ein gamal handels- og sjøfartsby med byrettar frå 1368 av kong Albrekt av Mecklenburg. I dag vert hamna mest nytta av fritidsbåtar.

I seinmellomalderen konkurrerte Östhammar med Stockholm om Austersjøhandelen. I 1461 blei byen overflytta til Öregrund lenger nord, men han blei grunnlagd på ny etter at danskane hadde brent Öregrund i 1521.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]