Ødipus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ødipus og sfinksen, måla av Ingres.

Ødipus eller Oidipus (gresk Οἰδίπους Oidĭpous, «med hoven fot») var i gresk mytologi konge i Theben (Thíva). Han er særleg kjent gjennom skodespelet Kong Ødipus av Sofokles, og for å ha gjeve namn til ødipuskomplekset.

Ødipus var son av Laius og Jocasta, og vart konge i Theben etter å ha drepe faren (utan å vite at det var far hans), løyst gåta til Sfinxen og gifta seg, òg uvitande, med mor si og fått barn med henne. Variantar av segna om Ødipus er nemnt i fragment av fleire forfattarar frå Hellas i antikken, mellom andre Homer, Hesiod og Pindar. Det meste vi veit om Ødipus skriv seg frå tre skodespel av Sofokles: Kong Ødipus, Oidipus i Kolonos og Antigone.

Ødipuskomplekset[endre | endre wikiteksten]

Soga om Ødipus har gjeve opphav til eit av dei mest kjente psykologiske kompleksa gjennom tidene, Ødipuskomplekset, som vart skapt av den kjende austerrikske nevrologen Sigmund Freud i 1931. Den mest kjente forma, som både finst i mellom anna Kong Oidipus av Sofokles og Hamlet av Shakespeare, er son som forelskar seg i mor si. Men kompleksomgrepet vart òg brukt på kjærleik mellom bror og søster, og finst mellom anna i krimromanen av Bernhard Borge, «De dødes tjern».

Ødipuskomplekset har òg eit søsterkompleks, elektrakomplekset, etter mellom anna skodespelet til Sofokles, «Elektra» der Elektra er forelska i far sin Agamemnon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]