Øksnesbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øksnesbåten vart funnen i ein gravhaug på Øksnes prestegard i Øksnes kommune i Vesterålen i Nordland fylke. Båten vart funnen under torvstikking i ei myr i 1934. Det er så langt den einaste kjende båtgrava i myr i Nord-Noreg.

Båten, som er frå 8-900 talet, har vore 8-10 meter lang. Han er bygd i klinkbyggingsteknikk, der alle bordgangane er sydde saman med furutæger. I saumhola er det tetta og forsterka med trenaglar. Det har ikkje vorte funne båtsaum av jarn.

Samansauminga av båtborda har gjort at Øksnesbåten lenge har vorte rekna som bygd i samisk båtbyggartradisjon. Men sidan syteknikkar òg er brukt i norrøn båtbygging, og gravhaugen er på norrønt vis, kan det ikkje seiast noko sikker om etnisiteten til båtbyggarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Thomas Lund (2018). «En analyse av båtgraver fra jernalder i Nord-Norge» (PDF). - Masteroppgave i arkeologi (Universitetet i Tromsø): side 46-48.