Økstrafjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Økstrafjorden er ein fjordarm av Nedstrandfjorden i Suldal kommune i Rogaland. Han har innløp på nordsida av Nedstrandfjorden mellom Barkaneset i vest og Ullestad i aust.

Fjorden går 6 km rett nordover og smalnar raskt inn ved Hestholmsundet. Nord for Hestholmsundet vert fjorden langt breiare igjen og deler seg i tre delar. Den eine delen er Grønnevik inn mot vest på andre sida av holmane Skadholmen og Bergaholmen. I nord går Naustvik på austsida av neset Husgavlen inn til grenda Økstra, som har gjeve namn til fjorden. På vestsida av Husgavlen går fjorden vidare nordover og smalnar her kraftig inn. Der fjorden er på det smalaste, kring 20 meter brei, kryssar Fylkesveg 686 fjorden. Nord for brua ligg Krossvikane, to like lange vikar på kvar side av fjorden som ovanfrå ser ut som ein kross. Inst i fjorden ligg eit gammalt sagbruk, som berre vert kalla Sagjå.