Suldal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suldal kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Sand
Areal 1 736 km²
 - land 1 592 km²
 - vatn 144 km²
Folketal 3 903 (1. januar 2016)
Folketettleik 2 / km²
Målform Nynorsk
Ordførar Gerd Helen Bø (Sp)
Kommunenummer 1134
NO 1134 Suldal.svg
Wikimedia Commons: Suldal

Suldal kommune er ein kommune nordaust i Rogaland fylke. Kommunen er den største i Rogaland etter areal, og grensar i nord til kommunane Etne, Sauda, Odda og Vinje, i aust til Bykle, i sør til Hjelmeland og Finnøy, i vest til Vindafjord og i nordvest til Tysvær kommune.

Suldalsdalføret og Suldalslågen ved Herabakka


Geografi[endre | endre wikiteksten]

Suldal kommune ligg i distriktet Ryfylke og omfattar i tillegg til det eigentlege Suldal med sidedalar og omliggjande fjelltrakter, også landet omkring Sandsfjorden og Hylsfjorden, og ytre del av Saudafjorden. Landskapet i kommunen strekkjer seg frå kyst- og fjordlandskap til dalføre, skogar og urørte fjellområde.

Frå kommuneseneret Sand går dalføret mot aust til Suldalsosen, og lenger mot nordaust ligg Suldalsvatnet, med stadane Nesflaten og Bråtveit. Nord for Sand går Hylsfjorden inn mot aust, med Vanvik på nordsida. Over Sandsfjorden mot vest ligg Ropeid, og Ropeidhalvøya mot sørvest. Her er det båtanløp på Marvik og Hebnes. Sør for Hebnes ligg Foldøy, og over Sandsfjorden mot aust ligg Jelsa. Vestover via Jelsafjorden og Erfjorden ligg bygda Erfjord. Lenger austover finn ein mellom anna Ulladalen, Gullingen og Sandsavatnet.

Suldal kommune fekk sine nåverande grenser i 1965 då dei tidlegare kommunane Suldal, Sand og Erfjord og Jelsa vart slått saman.[1]

Næringsliv og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kommunesenteret Sand er eit trafikk-knutepunkt, handels- og skulesenter. Der kan ein mellom anna finna spesialbutikkar, legekontor, apotek og tannlækjar.

Omtrent 8 % av den samla vasskraftproduksjonen i Noreg skjer i Suldal kommune. Utbygginga byrja på 1960-talet med omfattande reguleringar. Fyrst kom Røldal-Suldal og seinare Ulla-Førre. Reguleringa har ført til inngrep i naturen, men òg til stor økonomisk gevinst for kommunen, som får mykje av sine inntekter frå kraftproduksjonen.

I kommunen ligg Sand skule, ein kombinrt barne- og ungdomsskule, Sauda vidaregåande skule avd. Sand, og ein idrettshall.[2] I Sand ligg òg Topp Volley Norge som har som mål å utdanne topp volleyballspelarar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Suldal har to primære vegsamband, riksveg 13, Ryfylkevegen (Sandnes–Røldal), og fylkesveg 46 (Sand–Knapphus med samband til E 134 vidare til Haugesund). Desse kryssar i Sand, og fylkesveg 46 går via bilferje til Ropeid på vestsida av Sandsfjorden. Elles fører fylkesveg 517 frå Lovreidet sør for Sand på austsida av Sandsfjorden til Jelsa ved munningen til Sandsfjorden.[1]

Bilde[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar

  1. 1,0 1,1 Suldal. Store Norske Leksikon. Vitja 24. oktober 2013.
  2. «Sand skule», suldal.kommune.no. Henta 9. mars 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]