Ørkenen Sur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ørkenen Sur viste til ein stad i Brooklyn der arbeids- og bustadlause skandinavar, sæleg nordmenn, og andre heldt til på 1920- og 1930-talet.[1] «Ørkenen Sur» var ein lut av ei søppelfylling i Red Hook i Brooklyn[2] der folk levde i skur bygd av det som var å finne av høveleg materiale, som tjørepapp, oljefat som kunne hamrast ut til plater og liknande. Det var for det meste sjømenn utan hyre som budde her på 1920-talet.[3] Dei blei først råka av nedgangen i internasjonal skipsfart i 1921.[1] Etterkvart sende den store depresjonen fleire folk ut i armoda, og fleire folk kom til. På det meste kunne opp til 500 bustadlause halda til på søppelfyllinga.[1]

Det var bymisjonæren Karl Holm frå Gjesdal som sette namnet «Ørkenen Sur» på kolonien, med tilvising til israelittane si ørkenvandring i Bibelen. Holm gjorde ein stor innsats for utstøytte og fattige nordmenn som budde i Ørkenen Sur. I perioden 1926 til 1934 vitja han kolonien 307 gonger, og samla inn pengar til støtte for dei som budde der. Andre som engasjerte seg for å hjelpa slumbuarane var Andreas Nilssen Rygg, redaktør for Nordisk Tidende frå 1912 til 1929, og boksaren Peter «Pete» Olai Sandstøl frå Moi.[4]

Nordmenn som budde i «Ørkenen Sur» fekk ikkje støtte frå amerikanske styresmakter, ettersom dei ikkje var amerikanske statsborgarar. Noreg nølte også med å gje dei hjelp, men etterkvart fekk ein del av dei hjelp til å venda heim.[4]

I 1934 blei slumbyen riven. Alle som budde her måtte registrera seg og fekk eit tilskott på 21 dollar i månaden, slik at dei kunne skaffa seg ein betre stad å bu.[4] På området er det i staden laga park og idrettsplass.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 NRK (21. desember 2010), «Ørkenen Sur», NRK (på norsk bokmål), henta 6. mai 2019 
  2. The Red Hook WaterStories team, «Ørkenen Sur - Norwegian Documentary, 2015», Red Hook WaterStories (på engelsk), henta 6. mai 2019 
  3. Jon Michelet: En sjøens helt - skytteren, s. 221 og s. 191
  4. 4,0 4,1 4,2 Anders Leon Andersen (18. februar 2008). «Amerikaturen ble tragedie for mange». Aftenbladet. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]