Jon Michelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jon Michelet

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. juli 1944
Moss kommune
Død

14. april 2018 (73 år)
Oslo

Yrke skribent, programleiar, politikar, journalist, redaktør, sjøfolk, havnearbeider, forleggjar, barnebokforfattar
Periode 1975-2018
Politisk parti Arbeidernes kommunistparti, Raud Valallianse, Raudt
Far Johan Michelet
Born Marte Michelet, Tania Michelet
Debut Den drukner ei som henges skal
Nettstad jonmichelet.com
Jon Michelet på Commons

Jon Michelet (fødd 14. juli 1944 i Moss, død 14. april 2018)[1] var ein norsk forfattar. Han arbeidde også som sjømann, bryggearbeidar, journalist, forlagsredaktør og sjefredaktør i Klassekampen. Michelet var medlem av fylkestinget for Østfold fylke og Kringkastingsrådet, styremedlem i Norsk Styrmandsforening og Raud Valallianse.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Michelet var utdanna overstyrmann og studerte i tillegg ved Journalisthøgskulen i Oslo.

I 1970-åra var Michelet sentral i den norske ml-rørsla, og arbeidde frå 1972 til 1976 i AKP-forlaget Oktober, dei siste par åra som forlagssjef. Han stod i spissen for partiet si oppbygging av kjeda med Oktober-bokhandlar. Etter perioden som forlagssjef var han ei tid bryggesjauar i Oslo. I dette var det et element av sjølvproletarisering, sa han i eit NRK-program.[2]

I tida 1997-2002 var han redaktør for avisa Klassekampen.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Michelet debuterte litterært i 1975 med kriminalromanen Den drukner ei som henges skal. Han har gjeve ut romanar, barnebøker, skodespel og sakprosa. Serien med bøker frå fotball-VM saman med Dag Solstad er vorte ein sportslitterær institusjon. Boka Orions Belte vart filma i 1985 med regi av Ola Solum. Fleire av Michelet sine kriminalromanar med Wilhelm Thygesen i hovudrolla er dramatisert for NRK fjernsyn.

I 2003 vart han president i Rivertonklubben.

Politisk verksemd[endre | endre wikiteksten]

Michelet deltok aktiv i protestar i Alta-saka.

I 2003 vart Michelet av Innsynsutvalet tilkjend erstatning for ulovleg overvaking. Etter nedgraderinga av Overvakingspolitiet sine arkiv vart det prova at han i i lengre tid på 1970-talet var utsett for massiv overvaking, irekna telefonavlytting og brevopning. I fylgje dokumenta skal Overvakingspolitiet ha rekna han som ein av toppleiarane i AKP (ml).

Bisetting[endre | endre wikiteksten]

I bisettinga den 11. april i Rygge kyrkje vart Michelet takka av dåverande kulturminister «på vegne av regjeringa».[3] Blant dei som kom, var Audun Lysbakken, Carl I. Hagen, Bjørnar Moxnes, Edvard Hoem, Tove Nilsen, Unni Lindell, Dag Solstad, Nils Fredrik Dahl, Vigdis Hjorth, Kjartan Fløgstad, og William Nygaard.[4][5] Det Norske Sjømannskor song, og Arve Tellefsen spelte.[3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Den drukner ei som henges skal - kriminalroman (1975)
  • Mellom barken og veden - kriminalroman (1975)
  • Jernkorset - kriminalroman (1976)
  • Jernkorset - kapitlet som ble vekk - utdrag (1976) (saman med Tron Øgrim)
  • Orions belte - kriminalroman (1977)
  • Angrepet på Longeyarbyen - roman (1978)
  • 7800 demonstranter sporløst forsvunnet - og andre merkverdige historier fra 1970-åra - sakprosa 1975)
  • Matros Tore Solem og hans skip - skodespel (1979) (saman med Gunnar Bull Gundersen)
  • Tiger Bay - roman (1979)
  • Hvit som snø - kriminalroman (1980)
  • Den gule djevelens by - kriminalroman (1981)
  • Terra Roxa - roman (1982)[6]
  • VM i fotball 1982 - sakprosa (1982) (saman med Dag Solstad)
  • Jerv (jervere, jervest?) - roman (1983)
  • Panamaskipet - kriminalroman (1984)
  • Mannen på motorsykkelen - kriminalroman (1985)
  • Min afrikanske eksplosjon - barnebok (1986)
  • VM i fotball 1986 - sakprosa (1986) (saman med Dag Solstad)
  • Brevet til Fløgstad - sakprosa (1987)
  • Den flyvende brasilianer 1 - roman (1987)
  • Den flyvende brasilianer 2 - roman (1988)
  • Le Coconut - roman (1988)
  • Thygesens terrorist - kriminalroman (1989)
  • VM i fotball 1990 - sakprosa (1990) (saman med Dag Solstad)
  • Farvel til en prins - roman (1993)
  • VM i fotball 1994 - sakprosa (1994) (saman med Dag Solstad)
  • Leve republikken - sakprosa (1995)
  • VM i fotball 1998 - sakprosa (1998) (saman med Dag Solstad)
  • Den frosne kvinnen - kriminalroman (2001)
  • Aftensang i Alma Ata - kriminalroman (2003)
  • Thygesen-fortellinger - krim (2005)
  • Høyt mot nord, langt mot sør - dokumentarbok (2006)
  • Den siste krigsseileren - biografi (2007)
  • Havets velde - roman (2007)
  • Mordet på Woldnes - krim (2008)
  • Brev fra de troende -En internettbok om tro og tvil (2008)
  • Snøfonnens geografi. Sju fortellinger og et dikt av min mor - eventyr (2009)
  • Døden i baugen - roman (2010)
  • Mappa mi - sakprosa (2011)
  • En sjøens helt. Skogsmatrosen - roman (2012)
  • En sjøens helt. Skytteren - roman (2013)
  • En sjøens helt. Krigerens hjemkomst - roman (2018)

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Jon Michelet (14.07.1944)»». forfatterkatalogen.no. Henta 14. februar 2013. 
  2. Bokprogrammet sendt 13. oktober 2012.
  3. 3,0 3,1 Wandrup, Fredrik (27. april 2018), «- Han var storslagen», dagbladet.no (på norsk), henta 15. mars 2023 
  4. Grønneberg, Mathilde Lea, Anders (27. april 2018), «Jon Michelet bisatt i dag: - Solen går ikke sin gang uten deg i livet», dagbladet.no (på norsk), henta 15. mars 2023 
  5. Bjørke, Christian Nicolai (27. april 2018), «Jon Michelet bisatt i Rygge kirke», NRK (på norsk bokmål), henta 15. mars 2023 
  6. https://snl.no/Jon_Michelet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]