Øydegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein øydegard er eit gardsbruk som har vorte forlate. Særleg vert omgrepet nytta om gardane som vart lagd øyde etter svartedauden i 13491350, men òg om andre gardar som har vorte overgjeve. I fleire tilfelle har ordet vorte ein del av gardsnamnet, anten ved at «-ødegården» eller «øde» er lagt til. Somme gardar har til og med namnet Ødegård(en). I følgje Oluf Rygh sin Norske Gaardnavne finst det 171 gardar med namnet Ødegaarden eller liknande namn, medan over tusen gardar har øde som ein del av namnet.

Det kunne gje økonomiske fordelar å rydde ein øydegard, sidan ein kunne få skattefritak ein periode og så lågare skatt.

Som med så mange andre gardsnamn har Ødegård, Ødegaarden og variantar av desse òg vorte til slektsnamn.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]