Svartedauden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Engelskspråkleg kart over utbreiiinga av pesten i Europa.

Svartedauden, også kalla digerdauden eller stordauden, var ein zoonotisk pandemisk sjukdom under mellomalderen som i gjennomsnitt tok livet av kvar tredje person i Europa og så godt som alle som vart smitta. Den ålment aksepterte teorien er at svartedauden var eit særs omfattande utbrot av pest.

Pandemien vart i mange delar av Europa nemna med ein ordkombinasjon som inkluderer ordet 'svart (Black Death, Schwarzer Tod, Mort noire). Dette kan vere basert på dei fysiske forandringane som hende når ein person hadde vorten sjuk, anten i form av byllar eller mørke flekker på huda i eit seinare stadium av sjukdommen.

Alle dei tre formene for pest – byllepest, lungepest og blodpest – inntrefte under svartedauden. Døyelegheita av byllepest varierte mellom 30 til 70 prosent, medan pesten i båe dei andre formene var nærare 100 prosent. Dette pestutbrotet byrja i Kina-regionen i 1334 og spreidde seg sakte vestover gjennom handelsvegane som vart etablerte og som var ei sambinding mellom aust og vest. Året 1346 var pesten framme i Egypt og Syria, for deretter å nå Europa gjennom Krimhalvøya. Våren 1347 kom pesten til Konstantinopel og på hausten nådde han MessinaSicilia, truleg med handelsskip frå Feodosija på Krim.[1]

Årsaka til pesten[endre | endre wikiteksten]

Pesten er valda av bakterien Yersinia pestis som er vanleg hos pestloppa Xenopsylla cheopis. Loppa er i sin tur vanleg blant gnagarar, særleg rotter, men også hamstrar og ekorn.[2] I mellomalderen var det hovudsakleg svartrotta som var vert for loppa, ho er også kalla hus- eller skipsrotte og levde tett på menneske. Bakterien vart overført til mennesket anten gjennom bitt frå ei infisert loppe, eller gjennom direktekontakt med ein annan infisert vert, til dømes ei rotte eller eit anna menneske. Loppa åtek i første rekkje ikkje mennesket, men om vertsdyret til loppa døyr søkk kroppstemperaturen til verten og blodet koagulerer, slik at loppa søkjer seg til ein ny vert. Den nye verten er oftast ei anna rotte, men i eit karrig miljø med mange infiserte rotter er sannsynet høgt for at den nye verten til loppa er eit menneske. Når bakterien har infisert mennesket, blir smitten snøgt overført til andre gjennom hoste, oppkast eller nys. Yersinia pestis påverkar også loppa sjølv. Bakterien spreier seg frå infiserte lopper til vertsdyr, og seinare til friske lopper gjennom infiserte vertsdyr. Inne i loppa formeirer bakterien seg til han blokkerer heile mage- og tarmkanalen, og den stadig svoltnare loppa bit då fleire og fleire offer, som også er den medverkande faktoren til den raske spreiinga av pesten.

I 2011 kunne ei gruppe på 16 forskarar slå fast at Yersinia pestis var årsaka til pesten. Dette kom dei fram til etter å ha kunne vinne att DNA frå fire lik frå kyrkjegarden East Smithfield i London. At sjukdommen fekk såpass spreiing og høg døyelegheit skal ha avhange av miljøendringar med kaldare klima og mykje regn, i tillegg til krig med underernæring som følgje, og ikkje endringar som gjorde bakterien meir aggressiv.[3] I mars 2013 vart det funne restar av ein annan kyrkjegard i Londan i samband med ei jernbaneutbygging. Ifølgje arkeologar kan det vere 50 000 offer som hadde vorte gravne ned der etter utbrotet av svartedauden. Analysene viste at dei testa personane bar på pestbakterien. Isotopnivåa i skjeletta og tennene tydde også på at mange var underernærte. 16 prosent leid av rakitt, eller engelsk sjuke, og fleire hadde skadar i ryggen som tyder på hardt arbeid.[4]

Spreiingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Engelskspråkleg kart over utbreiinga av pesten i Europa (1345-1353).

Nestorianske graver frå 1338–1339 ved Issyk-Kul i Kirgisistan har innskrifter som viser til pesten. Dette kan ha vore området der epidemien braut ut, og deretter blitt spreidd til India og Kina.[5] Staden var ein handelspost midt mellom Europa og Asia.[6]

Svartedauden kjem til Europa[endre | endre wikiteksten]

Svartedauden skal ha kome til Europa frå byen Kaffa (Feodosija) på Krim. Denne byen var eit viktig handelsknutepunkt og vart omleira av mongolar leidd av Jani Beg, ein etterkommar til Dsjengis Khan. Handelsbyen stod i vegen for utvidingsplanane til Jani Beg mot vest. Pesten braut først ut blant dei åtakande styrkane i 1346, og mongolane vart monnaleg svekka av farsotten. Det er sagt at Jani før tilbaketrekkinga slengde pestlik over bymurane, ved hjelp av ein kastemaskin, som han brukte som «biologisk våpen» for å slå ut byvernet og slik fekk pesten innanfor bymurane. Dette er rekna som usannsynleg, av di ein på den tida truleg ikkje skjønte korleis pesten spreidde seg og lika berre er smittefarlege i ei kort tid, sidan loppene forlét verten når han døyr.[7]

Panikk braut ut blant forsvararane innanfor murane. Skipa som var fanga i hamna vart storma, omleiringa vart broten og mongolane hindra ikkje lenger avgangen deira. Infiserte genoske sjømenn sette kurs frå Kaffa til Genova, uvitande om at dei hadde pesten om bord. Under seglasen vart mannskapet desimert som resultat av pesten, skip forliste eller dreiv i land og spreidde pesten vidare. Minst eitt skip kom til MessinaSicilia, og spreidde dermed sjukdommen til Sør-Europa. Den store dauden endra også måten folk tenkte på. Dauden fekk meir plass i kunsten, mange kunstnarar laga måleri med dauden og menneske med store byllar frå pesten.

Svartedauden spreier seg nordover i Europa[endre | endre wikiteksten]

Frå Sicilia spreidde pesten seg snart til Italia der han spreidde seg vidare nord- og vestover. I vest kom han til Spania og dreidde deretter nordover. I Frankrike kom pesten til Marseille i november 1347, for å nokre månader seinare komme til den dåverande pavebyen Avignon, der pesten først braut ut i eit kloster. Alle [munkane] bortsett frå ein døydde over natta. Sommaren 1348 kom pesten til Paris. England hadde store område sør for Den engelske kanalen ved Calais som smitten nådde og han hadde snart spreidd seg over kanalen til England. Frå Frankrike spreidde farsotten seg også austover mot Nederland og Tyskland.

Svartedauden kjem til Norden[endre | endre wikiteksten]

Den norske teiknaren Theodor Kittelsen framstilte svartedauden som ei svartkledd kjerring med sopelime og rive i Pesta frå 1894-95. Der ho brukte limen vart alle feid bort, mens raka lot nokre overlevande vere att.

Noreg var det første nordiske landet som vart råka av pesten. Sommaren 1349 kom eit av handelsskipa til Hansaen seglande frå England og la til hamn i Bergen. Det er uklart om skipet hadde nokon overlevande om bord eller om det berre dreiv omkring. Dei nordmennene som lasta av skipet vart raskt sjuke og pesten hadde dimed fått festa seg i byen. Ifølgje tradisjonell historieskriving har pesten spreidd seg austover derfrå. Ifølgje Ole Jørgen Benedictow er det likevel sannsynleg at pesten allereie hadde byrja å spreie seg frå Oslo-området, men at på grunn av en generell mangel på kjelder, har fokuset vore på Bergen sidan islandske forfattarar har skrive ned historia om skipet i Bergen. Ein reknar med at pesten gjorde at folketalet i Noreg gjekk ned til kring halvdelen, kanskje så mykje som 60 prosent.[7] I fleire bygdelag skal det berre ha vore eitt eller to menneske som overlevde.

Samvirkande årsaker som Svartedauden, endringar til det verre i klimaet, og seinare pestepedimiar som kravde mange menneskeliv, leia til at folketalet i Noreg fell med om lag 63 % frå det høgaste ikring år 1300 til det lågaste om lag år 1500. Såleis har ikkje berre Svartedauden, men òg seinare pestepidemiar, gjort sitt til å redusere folketalet i seinmellomalderen her i landet.

Våren 1350 spreidde pesten seg til Sverige. Det finst få kjelder, anna enn eit brev frå kong Magnus Eriksson der han oppmodar kyrkjelyden i Linköpings bispedøme til å delta i kyrkja, donere pengar til kyrkja for å dele ut mellom dei fattige og faste ekstra hardt på fredagane.

Ifølgje ei dansk forteljing kom pesten til landet med eit førarlaust norsk skip frå England som stranda på vestkysten i Jylland. Folket på kysten brakte varene i land og med det pesten. Han fekk feste og spreidde seg over heile Danmark, der han møtte pestbølgja som var på veg nordover frå Tyskland.

Frå Tyskland spreidde pesten seg til Russland og Novgorod.

Årsaker til den store spreiinga av pesten[endre | endre wikiteksten]

«Musstad», teikning av Theodor Kittelsen. Mysene rår grunnen etter at pesten har herja

Etter kva ein veit har pest aldri tidlegare vore så omfattande spreidd, og aldri har så mange døydd og så store område vore råka som under svartedauden. Den justinianske pesten på 500-talet var av ein liknande storleik, og ein stor del av innbyggjarane i Mexico – 80 prosent – vart råka av Cocoliztli-epidemien i 1545–1548. Det mellomalderske mennesket reiste i større omfang enn tidlegare, handelen var omfattande og pesten spreidde seg vanlegvis gjennom haldesknutepunkta ved kystane, men han spreidde seg også innanlands. Dei mellomalderske byane var tronge og gatene var stundom berre nokre meter breie. Menneska var fattige og skitne, og det dei ville kvitte seg med vart slengt ut på gata, der svin gjekk rundt og rotter smaug omkring.[8] Dette var eit gunstig miljø for bakteriar å utvikle seg i.

Det finst også teoriar om at immunforsvaret hjå folk vart svekka som følgje av at dyrkande jord vart utradert som følgje av sterk folkevekst.

Byllepest spreier seg med blod av loppa Xenopsylla cheopis som før seg på blodet til gnagarar. Svartrotta, som fungerer som vert for loppa, hadde etablert seg omkring Middelhavsområdet allereie under antikken.[9] Bakteriane er også rekna for å ha vore særleg vondarta denne gongen, som mellom anna syner seg av at pesten arta seg i alle sine tre former. Pesten forsvann ikkje, men kom attende på seinare tidspunkt i form av meir lokal karakter. Pesten vart prøvd motarbeidd gjennom karantene og gjennom betra hygiene. Den svarte rotta vart fortrengd av den sterkare, men også meir folkeskye, brunrotta, som kom til Europa på midten av 1500-talet.[10] Som ved alle andre epidemiske sjukdommar utvikla menneskja sannsynlegvis ein viss resistens.

Følgjene av pesten[endre | endre wikiteksten]

Etter svartedauden vart levekåra til folk betre. Kanskje så mange av halvparten av innbyggjarane i Europa døydde. Kjøtt vart mykje meir vanleg mat for menneskja, då storfeavl fekk eit nytt løft på forlatne jorde. Husdyra vart ikkje ramma av pesten, og det var færre menneske som skulle dele på føda, slik at det var mat nok til alle. Dei mest karrige åkrane var ikkje lenger naudsynte som dyrkande mark, og der voks skogen opp att og gav trevyrke, som var eit viktig råstoff for skip, bygningar og mellomalderske reiskapar og maskiner.[7]

Nedgangen i folketalet førte også til mangel på arbeidskraft. Utleigarane vart tvunge til å ta omsyn til kravet frå bøndene om auka løn og betra tilhøve. Bøndene klarte i aukande grad å velje mellom ulike jobbar, og vart dimed meir mobile og sjølvtrygge. Det oppstod motsetningar mellom bønder og utleigarar, som med tida førte til bondeopprør fleire stader i Europa. I Aust-Europa, som vart relativt skåna for smitten, vart bøndene i staden meir liveigne.

Mange segner er knytte til Svartedauden, og temaet har vore mykje brukt i verdslitteraturen. Eit norsk døme er forteljinga om Jostedalsrypa, som Torill Thorstad Hauger utbroderte i ungdomsboka Det kom eit skip til Bjørgvin i 1349. Boka fekk Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris i 1980.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lunden, Kåre (1984). Europa i krise. Oslo: Aschehoug. s. 15. ISBN 8203105904. 
  2. Ziegler 1998, s. 25.
  3. Nature: A draft genome of Yersinia pestis from victims of the Black Death
  4. Pestsmitta bakom skelettfynd, DN, henta 30. mars 2014
  5. Galina Eroshenko et al. (2017) “Yersinia Pestis Strains of Ancient Phylogenetic Branch 0.ANT Are Widely Spread in the High-Mountain Plague Foci of Kyrgyzstan,” PLoS ONE, XII (e0187230); discussed in Philip Slavin, "Death by the Lake: Mortality Crisis in Early Fourteenth-Century Central Asia", Journal of Interdisciplinary History 50/1 (Summer 2019): 59-90. https://www.mitpressjournals.org/doi/abs/10.1162/jinh_a_01376
  6. SVT:Mänsklighetens historia. Del 5 av 12: Pesten[daud lenkje] (tidspunkt: 12:30-13:45). Henta 5. juli 2013.
  7. 7,0 7,1 7,2 «Svartedauden enda verre enn antatt». forskning.no. 1. august 2004. Henta 12. mars 2020. 
  8. Ustvedt, Yngvar (1985). Svartedauen. Oslo: Gyldendal. s. 31. ISBN 8257403695. 
  9. Dick Harrison, Europa i världen, medeltiden, s. 16
  10. Encyclopædia Britannica, uppslagsord rat

Litteratur[endre | endre wikiteksten]