Øyfjorden i Lenvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Husøy i Øyfjorden.
(foto: Åsta Haukås)

Øyfjorden er ein av dei lengre fjordane på øya Senja i Troms. Heile fjorden høyrer i dag til Lenvik kommune og ligg lengst nordvest på øya. Tidlegare høyrde Øyfjorden, saman med Stønnesbotn, til Hillesøy kommune. Frå inst i Ørnfjordbotn i sør til utlaupet i Norskehavet ved Kjølva, er det om lag 13 km. Inst deler Keipneset fjorden i to, med Trælvika i aust og Ørnfjorden i vest.

På vestsida ved utlaupet av Ørnfjorden, ligg fiskeværet Fjordgard (knapt 200 innb.), som har vegsamband via Fjordgardtunnelen og Ørnfjordtunnelen på fylkesveg 275 til Mefjordaksla. Lenger utover langs Øyfjorden ligg dei fråflytte stadane Tofta, Øyfjordvær og Breivika.

I Trælvika er det òg ein fråflytt buplass. Om lag midt på austsida av fjorden ligg fiskeværet Husøy (240 innb.). Husøya er ei eiga lita øy som er knytt til Senja med ein 300 meter lang molo. Også Husøya har vegsamband, fylkesveg 277 går over fjellet via to tunnelar til Huselv i Stønnesbotn. Begge dei nemnde fylkesvegane er knytt saman med riksveg 862.

Folketalet i Fjordgard har gått noko attende dei siste åra, medan det på Husøya har helde seg jamt og til og med auka litt somme år. Begge stadane har kvart sitt kapell, skule, barnehage og daglegvarebutikk med posttenester.

Denne artikkelen byggjer på «Øyfjorden» henta frå Wikipedia på bokmål 12. mai 2007.